I FJELLET: Biletet er frå E16 over Filefjell ved Varden like etter klokka 8.30 måndag morgon. Foto: Statens vegvesen/webkamera
I FJELLET: Biletet er frå E16 over Filefjell ved Varden like etter klokka 8.30 måndag morgon. Foto: Statens vegvesen/webkamera

Sterk vind, snø- og isdekke over fjellet

Meterologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane. Måndag må då rekne med vanskelege køyreforhold i fjellet på grunn av vind og snø.

Frå måndag føremiddag er det venta lokalt kraftige vindkast frå søraust i Sogn og Fjordane, medan vanskelege køyreforhold i fjellet, melder yr.no.

Ifølgje Statens vegvesen er det innført kolonne over Fv 50 Hol - Aurland. 

Over Rv 52 Hemsedalsfjellet var det snø- og isdekke og redusert sikt på enkelte plassar klokka 7.30 måndag morgon, i tillegg til -1 grad, frisk bris og lette snøbyger. Store køyretøy er oppmoda om å bruke kjetting.  

Over E16 Filefjell var det snø- og isdekke, - 3 grader, laber bris og lette snøbyger klokka 5.30 måndag morgon, medan på Fv 53 Tyin - Årdal snø- og isdekke, -2 grader, lett bris og lette snøbyger. 

Minnar også om at E16 Filefjell kan bli stengt på periodar på inntil 30 minutt på grunn av vegarbeid i periodane mellom måndag og laurdag frå klokka 7 til 19. Det same gjeld for E16 Lærdalstunnelen, som kan blir stengt på periodar på inntil 20 minutt frå mandag til laurdag mellom klokka 8 og 20. 

Oppdaterte trafikkmeldingar finn du på Statens vegvesen. 

Til toppen