MEIR VERDT: Norske pengar er meir verdt i både Euro-land og USA i slutten av juli kontra starten av månaden, noko som gjer det litt billigare å feriera i desse landa.
MEIR VERDT: Norske pengar er meir verdt i både Euro-land og USA i slutten av juli kontra starten av månaden, noko som gjer det litt billigare å feriera i desse landa. (Foto: Illustrasjon)

Sterkare krone gir billigare utanlandsferie

For første gong på ni månader er dollaren under åtte kroner. Det betyr billigare utanlandsferie enn først venta.

Krona har styrkt seg 2 prosent mot euroen sidan byrjinga av juli. Mot dollaren har krona styrkt seg nesten det dobbelte. Det opplyser DNB i ein rapport tysdag morgon.

I dag er den amerikanske dollaren verdt 7,99 kroner. Ikkje sidan oktober i fjor har dollarkursen vore så låg.

Det betyr billigare utanlandsferie for nordmenn. Ei hotellovernatting til 200 dollar natta kostar no 140 kroner mindre enn i midten av mai, skriv Nettavisen. På ein to vekers ferie i USA vil ein dermed spare 1.820 kroner i overnatting dersom ein er i dette prissjiktet.

Også euroen har blitt svakare mot krona sidan sist. I dag er den verdt 9,32 kroner, mens den i juni låg på 9,49 kroner, ifølgje tal frå Noregs Bank.

Det såg lenge ut til at krona ikkje ville styrkje seg denne sommaren. I juni førte eit prishopp på euroen til at det vart dyrare for nordmenn å feriere i land der euroen blir brukt, ifølgje Sparebank 1. Euroen gjorde eit hopp frå 8,86 kroner i februar til 9,49 kroner i juni.

57 prosent av nordmenn planla å feriere i utlandet i sommarmånadane, ifølgje Hovudorganisasjonen Virke  .

Til toppen