SER MOT NM: Jan Olav Åsarmoen Møller (t.v.) og Bård Grindheim kvalifiserte seg begge til World Armwrestling Leauge-meisterskapen i London under kavlliken i Os laurdag, men er mest fokuserte mot NM i Oslo i april. Foto: Njål Kaardal Golf
SER MOT NM: Jan Olav Åsarmoen Møller (t.v.) og Bård Grindheim kvalifiserte seg begge til World Armwrestling Leauge-meisterskapen i London under kavlliken i Os laurdag, men er mest fokuserte mot NM i Oslo i april. Foto: Njål Kaardal Golf

Sterke lærdøler braut seg vidare i World Armwrestling Leauge

Bård Grindheim og Jan Olav Åsarmoen Møller kan reisa til London og bryta handbak mot dei beste i Europa. Viss dei vil.

Lærdal: – Eg er veldig nøgd. Men, i hermeteikn, «berre» ein fjerdeplass betyr at eg ikkje har så mykje i London å gjera. Me har drive på berre i to år, mange av dei som var med i Os har drive på åtte-ti år. Så det er ikkje sikkert me reiser til London, dette var mest for å få konkurranseeerfaring, seier Bård Grindheim.

Han og Jan Olav Åsarmoen Møller deltok på sokalla WAL-kvalifisering i Os laurdag. Grindheim braut seg til 4.plass med både venstre og høgre arm i si vektklasse, medan Åsarmoen Møller tok ein delt 5.plass med venstre arm og 9.plass med høgre.

Dermed er Grindheim kvalifisert til World Armwrestling Leauge-meisterskap i London med begge armane medan Åsarmoen Møller er kvalifisert med venstre armen i sin vektklasse. 

– I London er det så høgt nivå at me i så fall reiser for å tapa. Så me får sjå, seier Grindheim.

Sjå videoen Os & Fusaposten har laga frå WAL-kvalifiseringa her!

Satsar på pallen under NM

World Armwrestling League er den største handbakligaen i verda. Den norske kvalifiseringa fører altså til London-billett for dei seks beste i dei ulike vektklassane. I London er det deltakarar frå rundt om i Europa, og dei tre som bryt best i dei ulike vektklassane der kjem til finalen i Las Vegas. I USA er det eigen delkvalifisering i dei ulike statane.

Men målet for Grindheim, Åsarmoen Møller og dei andre i Lærdal handbakklubb er NM i april i Oslo.

– NM 2017 har vore målet heile vegen, der satsar me på å få ein på pallen. Nokre av oss har ikkje vore langt unna bronsen i føregåande NM, fortel Grindheim.

Vil ha med fleire i handbakklubben

Han og Magne Netland starta Lærdal handbakklubb for to år sidan. No er dei åtte seniorar totalt. I tillegg til dei to er altså Jan Olav Åsarmoen Møller med, pluss Njål Kaardal Golf, Anders Hunderi, Roy Steve Øyre, Jon Sander Nedberge og Thomas Grindheim. Dei har også fått med seg junioren Erik Trulssen.

Artikkelen held fram under biletet

TRENING: Slik ser det ut når handbakkarane trenar, her Roy Steve Øyre i duell med Bård Grindheim. Privat foto
TRENING: Slik ser det ut når handbakkarane trenar, her Roy Steve Øyre i duell med Bård Grindheim. Privat foto

– Det var litt dumt at me berre vart to som braut i Os. Njål skada ein arm i sommar, men var med som sjåfør og moralsk støtte, seier Grindheim.

Magne Netland var med i handbakmeisterskapen Powerarm i Skien for to veker sidan og tok sølv der, så lærdølene gjer det godt.

Grindheim håpar fleire vil bli med i handbakklubben.

– Me har fleire juniorar som er innom av og til. Så me vil gjerne ha med fleire unge. Og jenter. Me har fått lokale i det nye klubbhuset, det er me svært nøgde med. Der har me treningar kvar tysdag kveld klokka sju.

Har vorte dopingtesta

STOR SPORT: Handbak er ein sport i vekst og ein del av Norges Idrettsforbund. Her bryt Jan Olav Møller mot Njål Kaardal Golf. Magne Netland i bakgrunnen. Privat foto
STOR SPORT: Handbak er ein sport i vekst og ein del av Norges Idrettsforbund. Her bryt Jan Olav Møller mot Njål Kaardal Golf. Magne Netland i bakgrunnen. Privat foto

– Handbak blir jo gjerne sett på som litt sært og ikkje oppfatta som ein «normal» sport. Korleis kom de på å starta med dette?

– Sei det. Me har no alltid bryte handbak på fest og vore interesserte i styrketrening. Så eg har lenge tenkt på å starta ein klubb. Og handbak er ein ganske stor sport, tru det eller ei. Den er opphaveleg amerikansk, det starta som sport der på 50-talet. Og det er vorte ganske stort i Aust-europa. Og i Sverige, der har dei eige handbak-gymnas. Damelaget til Sverige er det beste i verda.

Handbak er også ein del av Norges Idrettsforbund og ligg under brytarforbundet.

– Me har meldeplikt og gir opp kvar og når me trenar. Eg og Njål har vorte dopingtesta. Så det er like strengt som andre sportar.

Til toppen