LYS FRAMTID: Skyttartalenta frå Indre Sogn gjorde det sterkt på Landsskyttarstemnet i år. Frå venstre:  
Emma Linneah Moen Rinde (Leikanger), Jens-Henrik Hegg (Hegg), Kristin Husum (Leikanger), Eskil Angelshaug Venes (Sogndal), Beate Humlestøl Njøs (Leikanger), Magnus E. Bøthun (Sogndal), Vegard Eikevik (Sogndal), Tor Kristian Dulsvik (Sogndal). Foto: Porten.no-tipsar.
LYS FRAMTID: Skyttartalenta frå Indre Sogn gjorde det sterkt på Landsskyttarstemnet i år. Frå venstre:  Emma Linneah Moen Rinde (Leikanger), Jens-Henrik Hegg (Hegg), Kristin Husum (Leikanger), Eskil Angelshaug Venes (Sogndal), Beate Humlestøl Njøs (Leikanger), Magnus E. Bøthun (Sogndal), Vegard Eikevik (Sogndal), Tor Kristian Dulsvik (Sogndal). Foto: Porten.no-tipsar.

Sterke prestasjonar av dei unge skyttarane

Det vart ingen NM-gull, men dei unge skyttarane frå Sogn kan likevel vere stolte av innsatsen på årets Landskyttarstemne i Målselv.

–​ Oppsummert er vi godt nøgde med ungdomane, medan seniorskyttarane ikkje har levert like bra, seier Olav Skarsbø, leiar for Leikanger skyttarlag. 

Sterke seniorar som Helene Johansen Vikøren frå Øvre Årdal greidde ikkje heilt å leve opp til forventningane. Eit lite unnatak var Vegard Solhaug frå Aurland som vart nummer fjorten på feltskytinga.

Men uansett, desto gledelegare er det å sjå at det gror godt blant dei yngre.

– Me har rekordmange som har skote seg til finalar, seier Skarsbø.

– Det har ikkje blitt nokon NM-gull, men det har vore nære på. Det gjeld fleire, me har gode prestasjonar i alle lag som har delteke, seier han.

Gror godt i Sogn

Fleire frå Sogndal skyttarlag imponerte. Eskil Angelshaug Venes gjorde det skarpt i rekruttklassen, med ein andreplass i skogsløp og ein femteplass på felt. Ingvild Eikevik kom på tredjeplass i skogsløp, det same gjorde bror hennar Vegard Eikevik.

Fleire i rekruttklassen gjorde det sterkt i feltskytinga. Emma Linneah Moen Rinde vart nummer fire og Kristin Husum vart nummer seks, begge frå Leikanger . 

– Det har vore ei god oppleving. Mykje god skyting frå deltakarane i Sogn i det heile, seier Jens Terje Hammervoll i Sogndal skyttarlag.

God rekruttering over mange år

– Kva som gjer at dei unge hevdar seg så godt?

– Det er gjennom godt ungdomsarbeid over fleire år, der ein har bygd opp eit godt miljø. Det gir resultat, seier Hammervoll.

– Det er eit voldsomt tett samarbeid mellom laga. Ikkje noko rivalisering, men berre godt treningssamarbeid og utveksling av erfaring. Det er ein av suksessfaktorane, seier han.

 

Til toppen