LEVERER: – Etterkvart ser alle at vi no har ei regjering som leverer på mest alle område og på dei sakene folket i Sogn og Fjordane var opptekne av, skriv Arve Mjømen, fylkesleiar Sogn og Fjordane Høgre Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no
meiningar
LEVERER: – Etterkvart ser alle at vi no har ei regjering som leverer på mest alle område og på dei sakene folket i Sogn og Fjordane var opptekne av, skriv Arve Mjømen, fylkesleiar Sogn og Fjordane Høgre Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no
meiningar

Sterke Regionar og levande Distrikt

Les kommentaren av Arve Mjømen, fylkesleiar Sogn og Fjordane Høgre.

  • Endret

Den Blå-Blå Regjeringa legg grunnlaget for levande distrikt og sterke regionar, vekst og verdiskapning i hele landet. Vi treng levande lokalsamfunn der det er godt å bu, leve og arbeide skal vi få til dette. Oppgåvemeldinga og kommunereforma opnar for at ei rekkje med oppgåver vert desentralisert, makt og oppgåver vert flytta frå hovudstaden til kommunane i større omfang enn nokosinne. Tilsvarande fekk aldri Senterpartiet til, sjølv med statsrådmakt, heller ikkje Arbeidarpartiet har vist vilje til slike grep. For Sogn og Fjordane er det viktig å oppnå kommunestorleik til å vere i posisjon for vertskap til nye og større statlege oppgåver.

Regjeringa satsar kraftig på fylkesvegane, auke med 1.2 milliard kroner, ny ordning for ferjeavløysingsmidlar som også skal gjelde for fylkesvegar. Dette er svært viktige og gode tiltak for Sogn og Fjordane fylke og distriktskommunane i vårt fylke. Ordninga med ferjeavløysingsmidlar og den sterke auken av midlar til fylkesvegar har ikkje kome av seg sjølv men med nitidig arbeid frå stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane Høgre med fleire. Dette syner den sterke gjennomslagskrafta som vi har frå Sogn og Fjordane Høgre trass at vi er utan statsråd og statssekretær. Med andre ord får Sogn og Fjordane betydeleg betre gjennomslag for dei aller viktigaste politiske sakene enn nokosinne.

Regjeringa ynskjer å hindre unødvendig statleg overstyring. Dette skjer gjennom at lokaldemokratiet vert styrka og innsigelsar frå statlege styresmakter er blitt kraftig redusert. Kommunale vedtak blir teken til følge langt oftare enn før, heile 80% gjennomslag syner statestikken i dag, medan den Raudgrøne regjeringa vart meir og meir maktsjuke på staten sine vegne - har ein no fått tilbake makt til kommunane. Dette lova Høgre og Regjeringa før valet for to år sidan og leverer så det held. Den Raudgrøne regjeringa snakka tårevått og varmt om lokaldemokratiet men korkje har vilje eller ideologi som skal til for å gje frå seg statleg makt til dei lokale kommunestyra. Med Senterpartiet i statsrådstolen klarte dei ikkje å styrke lokal avgjerdsrett og lokaldemokratiet nettopp fordi ideologien ikkje stemmer med det som partia på den raude sida likar å fortelje veljarane, den politiske bodskapen går ikkje i hop med det som faktisk skjer. Den raudgrøne sida vil ha sterk statleg styring medan Høgre og regjeringa vil avgje makt til kommunane og faktisk gjennomfører det.

Etterkvart ser alle at vi no har ei regjering som leverer på mest alle område og på dei sakene folket i Sogn og Fjordane var opptekne av, samferdsle og vegbygging som skaper konkurransekraft for verksemder gjennom effektiv transportverksemd og på eit anna svært viktig område som styrking av lokaldemokratiet, slik at folket i den einskilde kommune føler at deira ynskje vert følgd opp lokalt utan den sterke innblandinga frå statleg hald, som den raudgrøne politiske sida likar å dyrke.

Til toppen