STAFETTPINNEN KLAR: Harald Gjermo (65) var lokførar i ein mannsalder før han pensjonerte seg i 2017. No ønskjer Stian Gjermo Teigen (18) å følga i fotspora til bestefaren.
STAFETTPINNEN KLAR: Harald Gjermo (65) var lokførar i ein mannsalder før han pensjonerte seg i 2017. No ønskjer Stian Gjermo Teigen (18) å følga i fotspora til bestefaren. (Montasje: Sigmund Krøvel-Velle/Samfoto og privatfoto)

Stian (18) vil bli lokførar slik som bestefar

Då han var liten var Stian Gjermo Teigen med bestefaren på jobb på Bergensbana. No har årdølen blitt banemontørlærling, for å ein dag sjølv sitta fremst i lokomotivet.

Årdal/Oslo: – Eg var med han mykje på jobb då eg var liten. Interessa for jarnbane fekk ei mykje takka vera det, seier Stian Gjermo Teigen, som i september i fjor byrja som banemontørlæring i Bane Nor i Oslo.

Arbeidet går ut på å halda skinnene ved like, men draumen er å bli lokførar.

Bestefar Harald Gjermo køyrte tog i ein mannsalder, og er stolt over at barnebarnet har valt same yrkesveg som han.

Han er sikker på at arvtakaren har det som skal til.

– Eg har snakka mykje med han om NSB-yrket, og når me snakkar saman, då er han gira. Det er eit godt teikn, seier Gjermo.

LANG FARTSTID: Harald Gjermo (midten) har lang fartstid i NSB og køyrt «overalt», som han seier det sjølv. Foto: Sigmund Krøvel-Velle/Samfoto

Slit med rekruttering til jarnbana

Før han flytte til Oslo gjekk Teigen anleggsteknikklinja på vidaregåande i Sogndal. Det var litt tilfeldig òg at han enda opp der han gjorde.

– Planen var å bli anleggsmaskinførar, men så fekk eg ikkje plass der. Eg hadde søkt banemontør i tillegg, og då eg fekk sjansen her i Oslo, så tok eg han med ein gong.

Tidlegare i mai var Teigen hovudpersonen då Dagens Næringsliv skreiv om at Bane Nor slit med å få tak i lærlingane dei treng. Teigen har ikkje tenkt så altfor mykje på årsaken til rekrutteringskrisa. Men trur noko av grunnen er at faget får liten plass på skulen.

– I tillegg er det ikkje alle som har ei jernbane i nærleiken, du må flytta heimefrå skal du jobba der. For meg låg det i slekta, så det var naturleg å starta med det same, seier Teigen.

Bestefaren var lokførar i 47 år, fram til han pensjonserte seg for halvanna år sidan. Sjølv om han har slutta, trur han yrket har framtida foran seg.

– Det er manko på lokførarar. Eg er pensjonert, men no fekk eg tilbod om å byrja opp igjen fordi dei manglar folk, seier Gjermo, som takka nei.

Eit steg nærare draumen

SPRINGBRETT: Skal du bli lokførar må du ha fagbrev i botn. Stian Gjermo Teigen flytta til Oslo for å gå i lære i Bane Nor, og koma eit steg nærare draumen. Foto: Privat

Det var han som rådde barnebarnet til å tenka i nye baner etter yrkeskulen.

– Dei som går ut i Årdal i dag, må anten køyra gravemaskin, eller byrja på fabrikken. Eg visste at NSB trengde mykje folk, og at det var mogleg å gå den vegen, seier Gjermo.

Skal barnebarnet Stian oppfylla draumen om å bli lokførar må han først koma inn på jarnbaneskulen. Då er det eit krav at du har fagbrev i botn. Om alt går i orden er det i lomma om eit år.

Å flytta heim til Årdal har ikkje noko hastverk.

– Eg visste at eg måtte ut av bygda uansett, viss eg skulle ha jobben eg ønskte, seier Teigen.

Lærlingmangelen tilseier at det bør vera grei skuring å finna seg ein jobb som banemontør når han er ferdig. Men Teigen trur det er mest sannsynleg at han følgjer i fotspora til bestefaren.

– Den sjansen er temmeleg stor ja. Det har vore planen min ganske lenge.

Til toppen