HERREKLASSEN: Vinnarane i herreklassen under årets flåmsdalenløpet.
HERREKLASSEN: Vinnarane i herreklassen under årets flåmsdalenløpet. (Foto: Daniel Holm)

Stian Hoelgaard og Anne Elise Borlaug vann Flåmsdalenløpet i steikande sol

For andre gong blei Flåmsdalenløpet arrangert. Totalt 50 løparar fekk bryne seg på den utfordrande løypa. Sjå resultatlista nedanfor.

Flåm: Gradestokken viste høge temperaturar langs heile løypa og forholda lå til rette for ein perfekt arrangementsdag.

Startskuddet gjekk klokka 12.45 og det var Stian Hoelgaard som tok leiinga tidleg i løpet og satte fart frå start. Vidare berre auka han leiinga heile vegen og han løp åleine opp hårnålsvingane og inn til mål på Vatnahalsen hotell heile  14 minutt før neste mann.

I dameklassen var det tettare og skilte berre 23 sekund mellom Anna Elise Borlaug og Astrid Olafsdottir.

Les òg: Han var raskast opp i tidenes første utgåve av Flåmsdalenløpet

Internasjonale løparar

– Me er svært fornøgd med årets arrangement. Spesielt hyggeleg er det at me har fleire internasjonale løparar på startstreken, seier ein fornøgd løpsleiar Bjørn Sveum.

Polen, Irland, Sverige og Danmark var landa som var representerte.

– Flåmsdalen viste seg frå sin aller vakraste side. Med temperaturar på langt over 20 grader, snå på toppane og flott semning av fleire heiagjengar langs løypa blir både me som arrangørar og løyparar svært fornøgde, seier Sveum.

Resultatliste
Resultatliste
Til toppen