Sogndal/Leikanger: På fylkestinget onsdag fekk Rekkje Stiutvikling årets gründerpris for ungdom. Selskapet held til på Campus i Sogndal, og byggjer sykkelanlegg og stiar.
Tidlegare vinnarar
2017 Elde Cosmetics
2016 REMB Technologies
2015 SGN Skis
2014 Sogndal Lodge Guiding
2013 Back to Start
2012 Yast, nLink og Rocketfarm
2011 Videonor
2010 LocalHost
2009 AskAdam
2008 Stadt Surf School
2007 Moods of Norway
2006 Byks
Kundane deira er mellom anna kommunar, lag og organisasjonar, men óg kommersielle aktørar som til dømes skisenter, som ønskjer å tilby stisykling om sommaren.
– Selskapet har sikra seg referanseprosjekt både i og utanfor Sogn og Fjordane og er rekna for å vere ein pioner i bransjen. Dei har nokre konkurrentar, men skil seg frå dei ved å gjere alle delar av prosjektet, frå planlegging til bygging, sa nestleiar for hovudutval for næring og kultur, Jakob Andre Sandal, under pristutdelinga.
Gründer Roald Eidsheim tok imot prisen på 50.000 kroner, saman med Njål Sund, som er ny dagleg leiar.
– Me har skikkeleg trua på at sykkelanlegga vi byggjer er positive for samfunnsutviklinga. Då er det veldig hyggeleg at juryen ser det same store biletet som oss. Pengane kjem sjølvsagt godt med i eit ungt selskap og skal nok få bein å gå på. Det blir nok noko nytt graveutstyr no, seier Eidsheim ifølgje ei pressemelding frå fylkeskommunen onsdag.
Eidsheim vil halda fram som styreleiar i selskapet.
