RYDDA: Onsdag starta arbeidet med å rydde vekk raset som kom over den populære turstien i Aurlandsdalen, og alt onsdag ettermiddag var arbeidet fullført. Foto: Håkon Gøthesen. 
RYDDA: Onsdag starta arbeidet med å rydde vekk raset som kom over den populære turstien i Aurlandsdalen, og alt onsdag ettermiddag var arbeidet fullført. Foto: Håkon Gøthesen. 

Stien er opna att etter raset

Fotturistane kan igjen gå gjennom populære Aurlandsdalen

Aurland: «Stien i Aurlandsdalen er no rydda etter raset. Ordførar Noralv Distad takkar alle som har vore engasjert for å få opna stien og ynskjer God Tur!», skriv Aurland kommune på sine nettsider.

Raset gjekk ved Kråka i nærleiken av Sinjarheim, og vart meld inn til politiet søndag kveld. 

Les også: Stort ras stengjer kjend turveg

Ordførar Distad ivra for å få opna stien gjennom Aurlandsdalen som om lag 15 000 menneske går på ein sesong så fort som råd. Ryddingsarbeidet skulle starta onsdag, men kor lang tid det ville ta før opning av stien kunne ikkje Distad seia noko om.

Les også: – Veldig viktig å få opna stien så fort som mogleg

Les også: Arbeidet med å rydde stien startar onsdag

Men det gjekk fort, og alt onsdag ettermiddag var stien rydda og klar att

Til toppen