FAGFOLK: Omkring 300 personar deltok på arrangementet, 190 av desse mottok fagbrev. FOTO: Ole Johnny Devik
FAGFOLK: Omkring 300 personar deltok på arrangementet, 190 av desse mottok fagbrev. FOTO: Ole Johnny Devik

Stilfull fagbrevutdeling

Dresskledde menn, damer i flotte kjolar, bunadar og andre festdrakter var å sjå denne kvelden.

Nytt byggdriftarfag

BYGGDRIFTARFAGET: Det vart for fyrste gong delt ut fagbrev i byggdriftarfaget.
BYGGDRIFTARFAGET: Det vart for fyrste gong delt ut fagbrev i byggdriftarfaget.

Byggdriftarfaget førebur ein på å bli vaktmeistar/byggdriftar eller driftsoperatør. Ein byggdriftar riftar vedlikeheld, inventar og utsyr i eit bygg. Det vart for fyrste gong delt ut fagbrev i dette faget forrige helg.

To av dei som fekk fagbrev i dette faget var Håkon Svoen og Ole Andre Nedrebø. Håkon Svoen seier han valgte faget fordi det er eit nytt spenande fag, der utdanninga hans blir formalisert. I tillegg synest han det er bra med ei felles fagbrevutdeling i fylket.


– Eg valgte å ta fagbrev i byggdriftarfaget grunna at det er eit nytt spennande fag og for å formalisere utdanninga mi. Eg har bruk for fagbrevet og utdanninga i jobben min og det er viktig for meg å vere med å heve statusen i det nye byggdriftarfaget ved å sjølv ta fagbrev. Tidligare heitte faget vaktmeisterfaget men etter kvart har drift og vedlikehold av bygningar vorte meir teknisk og avansert samstundes som det krev meir kompetanse frå den som skal utføre jobben. 


– Eg tykkjer det er bra og viktig at vi har ei felles fagbrevutdeling i fylket. For meg var det stor stas å få ta imot fagbrevet mitt saman med alle dei andre som har teke ei  fagutdanning. Å ta fagbrev er ei stor kompetanseheving for den einskilde og for bransjane som er viktig å markere for å bevare fagstatus og det er difor viktig å ha ei verdig, høgtidlig  og minnerik markering der ein vert gjort stas på. Det er viktig at fylkeskommunen prioriterer dette også framover.

3 fagbrev

Lærar i medie og komunikasjonsfaget ved Hafstad vidaregåande skule, Ole Johnny Devik, var fotograf for utdelinga. Fotografen var mottakar av sitt 3. fagbrev forrige helg, denne gongen innan IKT-driftsfaget. Han har frå tidligare fagbrev som mediegrafikar og som fotograf.

– Eg fekk sjansen til å ta fagbrevet saman med nokre vener som skulle ta sitt fyrste fagbrev. Å ta fagbrev som del av eit sosialt felleskap er veldig motiverande.

– Eg er stolt av fagbakgrunnen min og har ein variert yrkespraksis innan mangen overlappande felt. Det å kunne vise formelt at eg kan det eg sjølv meiner eg kan, er veldig givande.

Devik legg til at med fagbrevutdelinga er fylkeskommunen med på å løfte fram dei fagutdanna, og gi dei offentleg merksemd.

Svart arbeid

Fylkesordførar Jenny Følling, la stor vekt på nødvendigheita av og behovet for fagfolket i fylket. Jan Atle Stang frå NHO og Nils P. Støyva frå LO sette fokus på problemstillingar knytt til svart arbeid og svart økonomi. Dette er eit satningsområdet på landsbasis. Svart arbeid stel store summar som kunne vore brukt på andre viktige ting for samfunnet.


 

 

 


 

 

Til toppen