ROLEG: Det er stille før stormen på Filefjell. Tysdag kveld er det venta at det skal blåse opp med kraftig vind i fjellet. Foto: Jan Christian Jerving.
ROLEG: Det er stille før stormen på Filefjell. Tysdag kveld er det venta at det skal blåse opp med kraftig vind i fjellet. Foto: Jan Christian Jerving.

Stille før stormen

Etter dagar med sol og fint vêr, har Meteorologisk institutt sendt ut obs-varsel.

Dei flotte vinterdagane får ein brå slutt. Tysdag kveld bles det opp på kysten og i fjellet. Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel.

I varselet åtvarar dei at på grunn av vind og snøfokk så kan det blir vanskelege køyretilhøve i fjella i kveld og natt. 

Ute ved kysten er det meldt om sterk storm. Temperaturane skal stige noko, men det er ikkje meldt særleg med nedbør. 

Til toppen