Høyanger: Saka om organiseringa av nærings- og tiltaksarbeidet i Høyanger kommune vart handsama i kommunestyret torsdag.

Stiller krav om betre kommunikasjon og tydelege retningslinjer for tildeling av tilskot hos HNU
Kommunestyret i Høyanger ber om årlege, tydelege rapportar om næringsutviklingsarbeidet i kommunen. I tillegg at det skal utarbeidast kriterium og retningslinjer for utdeling av tilskot. – Då kjem vi ikkje i situasjonar der få eller kanskje enkeltpersonar skal avgjere om ein idé er god eller ikkje, sa Eirin Borlaug (Sp).