EUROVISION: Espen Harberg Skjæret (til høgre) saman med sine vener som òg var utkledd som Eurovision-artistar.
EUROVISION: Espen Harberg Skjæret (til høgre) saman med sine vener som òg var utkledd som Eurovision-artistar. (Foto: Katrine Myhre Holland)

Stilte med ein fargefest av ei flåte under Pride: – Paraden trengde ei MGP-flåte

Då Pride Paraden i Oslo gjekk av stabelen på søndag var det 140 bidrag med i paraden. Lustringen Espen Harberg Skjæret stod bak eit av dei.

Luster/Oslo: – Namnet på flåta blei Grand Pricks, seier Espen Harberg Skjæret, opprinneleg frå Indre Hafslo men busett i hovudstaden. 

Tidlegare har han gått i paraden med folk frå jobben, men i år ville han laga noko meir med stemning og musikk.

– Eg og kompisen min Herman er ekstremt glad i Melodi Grand Prix og Eurovision så me var aldri i tvil om at det måtte bli ei MGP-flåte, seier han. 

Mange MGP-fans deltok

Dei byrja så smått i fjor med ein liten tilhengar og åtte personar utkledd som artistar frå MGP og Eurovision. 

– I år derimot utvikla me oss veldig og inngjekk samarbeid med den norske grand prix-klubben og Eurozone som er MGP-teltet i Pridepark. 

Det enda med at dei denne gongen fekk tak i ein semitrailer.

– Me var cirka 30 folk der, både vener og bekjente med sine vener. Alle var utkledd som artistar frå folkefesten, og bak gjekk det i tillegg mange MGP-fans.

GRAND PRICKS: "Aleksander Rybak" i front. Kjenner du att andre på biletet? Foto: Katrine Myhre Holland

Fekk med seg årets andreplass, Rebecca

I tillegg til å vera utkledd og synga låtar frå MGP hadde dei med seg to VIP-folk på flåta.

– Me fekk med oss Rebecca som kom på 2. plass i årets finale, og Hanne frå Charmed i 2000. Det var stas. 

Sjølv var Skjæret aldri i tvil om kven han skulle kle seg ut som under årets Pride.

– Eg var Carola for ho er jo dronninga av Eurovision. Med både parykk og bibel hadde eg på meg same antrekk som ho brukte då ho song "Fångad av en stormvind". 

– Du kjenner på aksept og kjærleik frå andre

For han er Pride viktig, og dagen i paraden er ein dag som ikkje vil gå i gløymeboka med det fyrste. 

OSLO PRIDE: Ein folkefest utan like. Foto: Katrine Myhre Holland

– Å vera på Pride gjev ei kjensla av lukke. Det å vera skeiv i Noreg er jo eigentleg ikkje noko pes i forhold til mange andre land der folk blir drept og torturert grunna det vakraste i verda, kjærleik.

Skjæret er heilt sikker på at Pride i Oslo er heilt spesielt.

– Du kjenner verkeleg på aksept og kjærleik frå alle som har møtt opp for å sjå på. Alt er berre smil og glede. Det syner mangfold og er veldig rørande. Dei personane som er tilstades og som meiner at Gud ein dag vil straffa oss, blir berre bua på og løfta vekk av kjærleik.

Til toppen