Årdal FK - Vik: 4-0
Kvar kamp ordnar damene slik at alle spelerane får frukt før kampen. I tillegg sel dei mat og drikke til publikum som tek turen for å sjå Årdal spele.

Dette har dei drive med i fleire år.
– Det er viktig at me støttar gutane våre, dessutan er me ein fin gjeng og har aldri hatt noko problem med å få nokon til å bake. Alt i kiosken er heimelaga, og kaffien er varm og nytrakta, seier Kirsti Gulbrandsen.
– Det er gode inntekter for laget. Me pleier å selge tomt kvar heimakamp. Pengane går til mykje forskjellig, blant anna fotballturar og liknande, seier dei.
Damene fortel at dei også pleier å ta ein supportartur.
– I fjor var me til Høyanger, så har me vore til Hønefoss. Då reiser me med laget på bortekamp og overnattar der, seier dei.

God kamp tross sjuke og skada spelarar
Årdal FK scora mål etter mål mot Vik. «Total dominans», skriv Firda livesenter om 4-0-sigeren.
Det første målet kom i 1. omgang av Johnny Aspeseter Hagen. Deretter av Fredrik Sørli. Ikkje lenge etter sette Anders Lereng ballen inn, og til slutt Terje Kvam Øvstetun.
Sigeren var velfortent, og Johnny Aspeseter Hagen vart kåra til beste spelar.
– Me gjennomførte ein god kamp og er veldig fornøgd, ifrå fyrste til siste minutt. Me spelte fin fotball og scora flotte mål. God laginnsats, seier trenar Geir Kjetil Øvstetun.
Årdal FK ligg no på 5. plass på tabellen. Øvstetun trur at det er rundt der laget kjem til å hamna til slutt.
– Kanskje opp ein plass eller to. Det er mykje folk som er vekke, sjuke og skada, så det blir mykje bytting på laget. Men alle kom seg heiskinna gjennom kampen i dag, og det var det viktigaste, seier Øvstetun.