HABILITET: Aleksander Øren Heen (Sp) bad kommunestyret vurdere habiliteten til Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), Kurt Jevnaker (V) og Arild Ingar Lægreid (Ap) då årsmeldinga og rekneskapen til Årdal Utvikling skulle handsamast torsdag. Alle tre har nemleg verv i styret til stiftinga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HABILITET: Aleksander Øren Heen (Sp) bad kommunestyret vurdere habiliteten til Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), Kurt Jevnaker (V) og Arild Ingar Lægreid (Ap) då årsmeldinga og rekneskapen til Årdal Utvikling skulle handsamast torsdag. Alle tre har nemleg verv i styret til stiftinga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Stilte spørsmål om habiliteten til desse tre i sak om Årdal Utvikling

Aleksander Øren Heen (Sp) bad om at ein vurderte habiliteten til tre av kommunestyrerepresentantane då årsmeldinga og rekneskapen til Årdal Utvikling vart handsama torsdag. 

Årdal: Han viste til paragraf 6 i forvaltningslova som seier at folkevalde kan bli inhabile dersom ein er leiar, har leiande stilling eller er medlem av styret i ei stifting – noko Årdal Utvikling er.

I dette tilfellet er det snakk om Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), som er leirar, Arild Ingar Lægreid (Ap), som er nestleiar, og Kurt Jevnaker (V), som er medlem av styret.

KRAV OM LOVLEGKONTROLL: Heen (Sp) har no sendt inn eit krav om lovlegkontroll. 
KRAV OM LOVLEGKONTROLL: Heen (Sp) har no sendt inn eit krav om lovlegkontroll. 

– Dette handlar om prinsipp og om å følgja reglane. Det handlar ikkje om saka eller om at eg trur dei gjorde noko gale, men om å byggja tillit til politikarane, og då må me følgja dei reglane som er der, seier Heen til Porten.no. 

Røysta over eigen habilitet

Rådmann hevda at denne lova galdt dersom vedkommande medlemmar hadde personlege fordelar eller ulemper av å sitja i styret, noko Heen var usamd i.

– Eg meiner lova slår dette fast uavhengig av det. Dette var ei tolking ein kunne gjere før, men ikkje no lenger. 

Men dette var ikkje det einaste «uklare» i saka. For då det skulle røystast, dukka spørsmålet om desse tre representantane sjølv kunne røyste om sin eigen habilitet. I denne saka vart det gjort, noko som gjorde at dei fekk sitje då saka omsider skulle handsamast. Brandsdal var også på talarstolen for å fortelje om aktiviteten deira i fjoråret.

Slik svarar Fylkesmannen

Seniorrådgivar Arnt Erik Nordheim hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier dei ikkje tek stilling til konkrete saker om habilitet i kommunane med mindre det er snakk om klagesaker eller ved lovlegkontrollar, men svarar på generelt grunnlag at etter reglane i paragraf 6 kan folkevalde bli inhabile på grunn av tilknytingsforhold til den som er part i saka.

– Slike tilknytingsforhold kan til dømes vere slektskap, representasjonsforhold, eller ulike typar leiande posisjonar i føretak med meir som er part. Dersom det ligg føre slike tilknytingar, vert den folkevalde automatisk inhabil til å førebu saka, og til å ta avgjerd, skriv han i ein e-post.

Han legg til at folkevalde kan også bli inhabile dersom det ligg føre andre særeigne forhold, som er eigna til å svekke tilliten til ei upartisk avgjerd. Dette alternativet føreset ei meir skjønnsmessig heilskapsvurdering, skriv han.

– Ved avgjerd av spørsmålet, skal det då mellom anna leggjast vekt på om saka inneber særlege fordelar, tap eller ulemper for vedkommande, eller for nokon som representanten har nær personleg tilknyting til.

Har sendt krav om lovlegkontroll

På spørsmål om medlemmane sjølve kan ta stilling til eigen habilitet, svarar han:

– Spørsmål om habilitet skal handsamast etter framgangsmåten i forvaltningslova paragraf 8. I folkevalde organ er det organet sjølv som avgjer spørsmålet. Den eller dei medlemmene habilitetsspørsmålet gjeld, kan gje uttrykk for si oppfatning av spørsmålet. Utover dette kan ikkje vedkommande medlem delta i avgjerda av habilitetsspørsmålet, korkje i drøftinga eller i avstemminga.

Heen fortel til Porten.no at han har sendt inn krav om lovlegkontroll i saka. Denne skal fremjast for kommunestyret i Årdal. Dersom kommunestyret opprettheld avgjerda, skal kravet om lovlegkontroll sendast vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. 

Til toppen