Milano/Vadheim: – Eg føler det er tid for å gå vidare, så tida mi med AC Milan er difor over, melder Stine Hovland sjølv på instagramkontoen sin.
Det var Ytre Sogn som først omtala saka.
Fotballspelaren har vore éin sesong i den italienske klubben og takkar klubben og lagkameratane for eit flott år i Italia.
– Eg er stolt over å ha representert ein av dei største klubbane i verda, skriv ho.
Ifølgje den franske avisa L’Equipiere er Hovland ønska i den franske toppserieklubben Paris Saint-Germain (PSG).