Sogndal: Alle bord og stolar var opptekne og køa til baren var lang då Dampskipskaien i Sogndal arrangerte afterski laurdag kveld. Utestaden var full av folk som tok turen for å skrøne litt om deira ferdigheiter i bakken.
Mange venegjengar hadde brukt dagen med ski og snøbrett på beina. Då er det godt å avslutte dagen i godt lag, gjerne med ei pils eller to. Det har blitt arrangert afterski i Sogndal før, men då var det i Sogndalsdalen, utanfor sentrum. Fleire av gjestane seier det var vanskeleg å kome seg til og frå arrangementet sidan dei var avhengige av transport.
– No vert det mykje lettare å vere med, seier ein nøgd skientusiast.
Øl etter tur er kanskje ein av grunnane til å reise på fest, men det er ikkje ein føresetnad for å kome seg ut. Å treffe kjensfolk verkar å vere endå viktigare.
Vil halde ope kvar helg
– Kvelden gjekk veldig bra. Me hadde stinn brakke rimeleg tidleg på kvelden, seier Kevin Gray, som driv møteplassen for friluftsfolket i Sogndal.
Han er einig i at det vert lettare å ta del i afterski då det vert arrangert i sentrum.

– Dette har me prata om heilt sidan me opna i mai, so det var kjekt å få det til. Ei skibygd som Sogndal treng eit afterskitilbod, seier Gray.
Les også: Her er mannen som skal drive kafeen på Dampskipskaien
Han er optimistisk etter suksesskvelden og fortel dei ynskjer å få til afterski kvar laurdag denne vinteren. Men å feste so ofte er ikkje skigåarane sjølve heilt einige i.
– Om det vert arrangert afterski i bygda seinare, er det noko du kjem til å ta del i?
– Både ja og nei. Det må ikkje skje for ofte, fordi me stikk gjerne på ski både laurdag og sundag. Eg trur eit par gongar i månaden er nok, seier skientusiasten.