Sogndal: Det opplyser Oppland fylkeskommune i ei pressemelding. Totalt 13 prosjekt har fått pengar gjennom programmet Fjellsatsinga, som i år deler ut 9 millionar kroner.
Eitt av prosjekta er det Stiv kuling som står bak. Selskapet, som har ei avdeling i Sogndal, ønskjer å gå saman med fleire aktørar om å prosjektere framtidas hyttegrender i tre ulike fylke, mellom anna i Hodlekve i Sogndal.
Målet er då å skape ei hyttegrend som skal representere noko nytt både med tanke på arkitektur, materialbruk, arealbruk, energibruk og verdiskaping. Prosjektet skal testa ut om prinsipp for berekraftig hyttebygging fungerer i praktisk prosjekteringsarbeid.

– Prosjektet handlar om å sjå på korleis ein byggjer fritidsbustader i Noreg i dag og om det finst andre måtar å gjere det på som er mindre arealkrevjande, og som kan opne opp for at andre brukargrupper får tilgang til hytter, fortel Eyvind Øgar, dagleg leiar i Stiv kuling.
Berekraftig hyttebygging
Tidlegare var det å eige ei hytte noko mange hadde moglegheit til, meiner han, men at i løpet av ein generasjon er det helst folk med meir pengar som no kan ta seg råd til å kjøpe eller bygge hytte.
– Det er veldig omfattande, stort og kostbart. Hyttefelta har blitt reine byggjefelta, seier han.
I prosjektet handlar det ikkje berre om å sjå på kostnader, men også den økologiske og sosiale biten.
– Me må lære oss å tenkje meir berekraftig på alle område. Me kan ikkje beslaglegge alt areal me har med store hyttefelt, men heller tenkje meir kompakt og effektivt. Difor prøver å finne tverrfaglege samarbeid slik at me klarar å lage noko som er flott, rasjonelt og kostnadseffektivt, forklarar Øgar.
Fekk støtte frå Oppland
Saman med Vestlandsforsking sette dei seg ned og skreiv ein søknad før påske. No har prosjektet fått 790.000 kroner, noko som ifølgje Øgar vil gi dei pusterom til å jobbe langsiktig. Resultatet vil ein først få til neste år.
Artikkelen held fram under biletet.

Fjellsatsinga er inne i sitt femte og siste år. Det er Oppland fylkeskommune som administrerer prosjektet på vegne av Kommunal - og moderniseringsdepartementet.
– Me har fantastiske fjellområde i Noreg med eit enormt potensial. Eg er stolt over å kunne bidra og større berekraftige løysingar og prosjekt som vil skapa verdiskaping og arbeidsplassar i hjartet av Noreg, seier fylkesordfører i Oppland, Even Aleksander Hagen, i ei pressemelding.