Stjernespekka og sjelfull førjulskonsert

Sjølv den regntunge vinterkvelden, la ingen dempar då tre av noregs flottaste røyster trekte ei fullsett kyrkje. 

Lærdal: Dei siste fire åra har dei fyllt kyrkjer overalt der dei har vore, med sjelfull julestemning. Torsdag kveld vart over 300 billettar rivne bort då Maria Arredondo, Torstein Sødal og Martin Halla gjesta Hauge kyrkje. 

Tok publikum med orkan styrke

Og kva enn Arrendondo tek i, om det er fredagsunderhaldning på tv, pop, musikal eller julekonsert, sat den klokkaklare engleaktige stemma i ryggradene til publikum. Berre tolkinga av songen «Himmel på jord» har vorte ein av våre kjæraste juleskattar.

Saman med ektemannen Sødal, gjekk dei to nedover kyrkjegolvet medan dei song «Vi tenner våre lykter». Også Halla sin versjon av «En skulle vøri fire år i romjul'n» var nokre av dei stor høgdepunkta. For ikkje å snakke om Sødal sin versjon av «O helga natt», som ikkje tok publikum med storm, men med orkan styrke. 

Kom gjennom nålauga

Marianne Hagen frå Sogndal, vart uttrekt som den heldige blant mange kandidatar til å synga duetten «Himmel på jord» i lag med Arredondo. 

– Det er veldig kjekt å få sjansen til å vera med på denne konserten. Dette er noko av det største eg har vore med på i min songkarriere. Eg har aldri sunge med ein så stor kjendis før, sa Hagen. 

Men det var ikkje berre sogndølen som fekk oppleva å stå oppe i lag med trioen denne kvelden. Spente songelevar frå kulturskulen i Lærdal og frå Vokal og Drama Verkstad i Årdal, deltok også. For å letta litt på spenninga, tok Sødal ein prat med dei unge talenta om kva dei ønskte seg til jul. Her var det tydeleg at kjæledyr står øvst på lista hos fleire. 

Ein litt spesiell juletradisjon

Arredondo fortalte at ho elskar amerikansk jul, og ikkje minst julegåver. Ho innrømte også kva ho har hatt som julemiddag kvart år, nemleg joikakaker. Noko som vart møtt med stor latter frå salen. 

Då ho gifta seg med Sødal, for nokre månader sidan, fekk ho også servert joikakaker ute på kyrkjebakken. 

– Så dette er heilt klart yndlingsretten min, avslutta ho før song overtok resten av kvelden. 

Sødal var klar på at dei har veldig lyst å koma attende til Hauge kyrkje, etter ein veldig kjekk kveld. 

Til toppen