AVREGISTRERT: Eit vogntog på Håbakken vart avregistrert, medan ein motorsykkel i Sogndal hadde blankslitne dekk. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
AVREGISTRERT: Eit vogntog på Håbakken vart avregistrert, medan ein motorsykkel i Sogndal hadde blankslitne dekk. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Stogga motorsykkel med blankslitne dekk

Medan ei norsk trekkvogn vart avregistrert på Håbakken.

Sogndal: Ein lett motorsykkel vart stogga i Sogndal onsdag kveld, og det viste seg at dekka på sykkelen var blankslitne. 

Motorsykkelen mangla også lyddempar, og føraren hadde ikkje med seg førarkort eller vognkort. Dermed vart det køyreforbod og trafikkgebyr.

På Håbakken vart ei norsk trekkvogn avregistrert. Allereie i januar hadde vogna fått pålegg om å fikse skeive bremsar. Sidan dette ikkje var gjort, vart køyretøyet avregistrert. 

Til toppen