(Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Stølsdag på Anestølen: – Eg er imponert over det arbeidet som har blitt gjort

Den tradisjonelle stølsdrifta er nærast utryddingstrua, men blir halden i hevd på idylliske Anestølen i Sogndal. Det har kosta.

Sogndal: Indre Sogn produsentlag representerer mjølkebøndene i Sogndal, Leikanger, Lærdal og Aurland, omlag 70 til saman. I helga var dei samla på Anestølen i Sogndal.

– Tanken er å ha det trivleg i lag, med litt fagleg påfyll, men ein høg sosial faktor, seier leiar Per Hilleren.

Per Hilleren
Per Hilleren Foto: Halvor Farsund Storvik

For han representerer Anestølen glansbiletet av norsk landbruk, innramma av grøne lier, fossar, snøkledde toppar og geiter på beite. Samstundes ligg det mykje svette bak all idyllen, ikkje minst etter saneringa i 2014, då heile buskapen måtte slaktast og stølen steriliserast.

– Eg er imponert over det arbeidet som har blitt gjort og at ikkje fleire gav opp i den prosessen. For det var eit enormt arbeid og ein enorm kostnad, sjølv om det offentlege bidrog, seier Hilleren.

Anestølen er den siste stølen som framleis er i drift i kommunen. Statistikken i resten av landet er ikkje meir oppløftande. Etter saneringa gav eitt av dei fem gardsbruka som nytta seg av Anestølen med geitedrift. Hilleren er oppteken av å ta vare på dei få som er att.

– Det er viktig å behalda dei produsentane som er att på geitemjølkproduksjon. Det gjeld alle mjølkeprodusentane som er att i aktiv drift. Dei representerer ein viktig del av den norske matproduksjonen, samstundes som dei held kulturlandskapa i hevd, slik som me ser rundt oss her no.

Til toppen