– No er det så få som driv tradisjonelt at dei burde stått på raudlista, seier forskar Kari Stensgaard ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i ein omtale på nettsidene til instituttet.

– For å halda kulturen oppe synest eg det er urovekkjande at det er så få, utdjupar ho til Nynorsk pressekontor. Ho legg likevel til at ein ikkje må sjå heilt svart på situasjonen.
– Dei som driv med stølsdrift er svært livskraftige miljø, slår ho fast.
Stensgaard, som sjølv har vore budeie i femten somrar, har leidd det sjuårige arbeidet med å dokumentera statusen for seterlandskapet i Noreg. Til saman har Stensgaard og kollegaene hennar besøkt nesten 1.700 setrar over heile landet og registrert vel 7.000 bygningar. Resultatet er samla i rapporten Hvordan står det til på setra? Gjennom tekst og tal, bruk av gamle og nye bilete, grafikk og figurar får vi innblikk i tilstanden til bygningane og korleis bruken av dei har endra seg.
Av dei vel 7.000 registrerte seterbygningane, er det 5.225 som framleis står. Tilstanden for desse varierer derimot sterkt frå forfall til godt haldne.
Resten av dei registrerte seterbygningane er berre tufter eller ruinar som ikkje lenger er mogleg å setja i stand. Det er flest tufter og stølsruinar på Vestlandet.
– Heng saman med endra landbruk
Stensgaard slår fast at det har vore store endringar i stølslivet på kort tid, men ho er ikkje overraska.
– Dette er som venta i lys av strukturendringane som har skjedd i norsk landbruk gjennom mange år, seier ho.
Ho meiner årsaka til den kraftige tilbakegangen i aktive stølar er at stølane har mista den opphavlege funksjonen dei hadde.
– Konsekvensen av dette er ein bygningsmasse som forfell eller blir endra, seterlandskap som gror att og tradisjonskunnskap som går tapt, seier Stensgaard.

Store geografiske skilnader
I 2015 var det likevel 922 setrar i aktiv drift. Men den geografiske spreiinga er stor. Oppland er det største seterfylket med 356 aktive setrar. På andre og tredjeplass kjem Hedmark og Sør-Trøndelag med høvesvis 183 og 110 aktive setrar. Buskerud følgjer like bak på fjerdeplass med 88, medan Telemark berre har 25.
Om ein ser på kor stor del av mjølkeprodusentane i kvart fylke som sender kyrne til fjells, hamnar derimot Buskerud på topp. Også Telemark blir trekt fram i denne samanhengen.
På Vestlandet er det flest aktive setrar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med høvesvis 51 og 43 setrar. Hordaland har 17, medan Rogaland ikkje lenger har nokon.

Ser ein på delen kor stor del av mjølkebøndene i vestlandsfylka som sender kyrne til fjells, kjem Møre og Romsdal på topp med 13 prosent, medan dei andre vestlandsfylka ligg godt under 10 prosent.
Stølar blir hytte
Rapporten viser elles at det er ein klar tendens til at mange nedlagde stølar blir brukte til ferie og fritid når det blir slutt på stølsdrifta.
– Hytter tek over for seterhus, og rekreasjon erstattar produksjon. Det er den gjennomgåande tendensen, seier Stensgaard.
Fritidsbruk utgjer i dag nesten 60 prosent av aktiviteten på setrane eller stølane.
Den nye bruken fører ofte til at seterbygningane og miljøet endrar seg. Seterstovene eller sela blir gjerne haldne ved like, medan driftsbygningane forfell eller blir fjerna.

Få driv med stølsturisme
Andre stader har turisme blitt ein del av stølsdrifta. Ifylgje rapporten er det likevel berre i underkant ein prosent av dei 1.700 registrerte stølane som driv med stølsturisme.
Medan matservering, kulturformidling og opplevingar nokre stader har teke over for mjølkeproduksjon og beitebruk, lukkast andre med å gjera begge deler. Det er likevel klare geografiske skilnader. Dei fleste setrane som tilbyr matservering og overnatting ligg i Midt-Noreg.

Mange stader blir stølane ikkje lenger brukt til noko. I snitt er dette tilfelle for 27 prosent av stølane. Men også her er det store geografiske skilnader. Vestlandet toppar lista med 38 prosent.
– Treng tiltak og eldsjeler
Sjølv om det finst ulike tiltak for å ta vare på norsk seterdrift, er seterforskaren likevel uroleg for kulturlandskapet og kulturarven som stølslivet representerer. Ho meiner det trengst fleire eldsjeler og treffsikre ordningar.
– Om vi ikkje skal mista kulturlandskap og kunnskap som er overført gjennom generasjonar, trengst det eldsjeler og målretta tiltak, meiner ho.
Stensgaard viser mellom anna til at den siste landbruksmeldinga tek til orde for å ta vare på og vidareutvikla særpreget i norsk jordbruk og kvaliteten på norskproduserte råvarer. Auka bruk av utmarksbeite er også nemnt i meldinga.
Dette er målsetjingar ho meiner må telja med når støtta til seterdrift skal vurderast. I tillegg til å halda fram med støtte til stølar med mjølkeproduksjon, meiner ho det no er viktig å tenkja på setrane både som ein stad for oppleving, beitebruk og fritidsbruk.
– Eg har von om at dei som brukar stølen til fritidsaktivitetar, vil bidra med omsorg og ta vare på verdiane som setermiljøa står for, seier ho.
I rapporten blir det mellom anna vist til at ei vellykka tilskotsordning til setrar med småskala mjølkeproduksjon og opplevingar i Nord-Trøndelag som kanskje kan ha overføringsverdi til andre seterfylke.

(©NPK)