SPAREBANKEN: Sparebanken Sogn og Fjordane har lagt fram rapport for andre kvartal.
SPAREBANKEN: Sparebanken Sogn og Fjordane har lagt fram rapport for andre kvartal. (Foto: Sunniva Knutsen)

Stolt over tilsette som har bidrege til vekst i ein ekstraordinær situasjon

Det kjem fram i ei pressemelding for andre kvartal for Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sogn: I ein pressemelding frå Sparebanken Sogn og Fjordane kjem det fram at fleire av næringskundane, også dei i dei mest utsette bransjane, har klart seg betre enn frykta då koronakrisa kom.

– Dei samla kortsiktige verknadane av korona er mindre alvorlege enn venta for næringslivet i Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Trond Teigene 

Sparebanken Sogn og Fjordane fekk i andre kvartal eit resultatet før skatt på 248 millionar kroner mot 159 millionar kroner for same kvartal i fjor. Kvartalsresultatet er prega av verdiauke på aksjepostar, god utlånsvekst og høg aktivitet i marknaden. 

– Totalresultatet er vesentleg betre enn for første kvartal i år, som var prega av høge avsetningar til tap på grunn av koronapandemien. Resultatet for andre kvartal er først og fremst påverka av ein verdiauke på vår aksjepost i Frende Holding som løftar resultatet. Dette kjem som følgje av nye eigarar i Frende, som medfører ein betydeleg verdiauke på selskapet, seier Trond Teigene. 

Stolt av tilsette og lokalsamfunnet   

Våren og sommaren har vore ein periode med stort trykk frå kundar som har stått i ein ekstraordinær situasjon med uvante problemstillingar, men også høg aktivitet på eksisterande og nye kundar elles.    

– Eg er stolt over innsatsen frå våre tilsette som gir resultat i form av solid vekst, seier Teigene  

I ei tid der 1-metersregelen rådar og samfunnet er full av uvante reglar, har mange tenkt nytt.  

– Eg er imponert over omstillingsevna til bedrifter, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane som har vist kreativitet og omstillingsvilje i ei tid med tapte inntekter, og gjort det beste ut av ein vanskeleg situasjon, seier Teigene. 

Ein milliard i utlånsvekst til næringslivet 

Banken har ein vekst på utlån til bedriftskundar på ein milliard kroner det siste året, noko som gir ein tolv månadars vekst på heile 8,2 prosent.   

– Utlånsveksten kjem frå fleire bransjar, men er mest synleg innanfor fiskeri, oppdrett og vasskraft. Ein god del av dette er investeringar som var planlagd før Korona. Veksten kjem også som følgje av at banken har stilt opp med likviditet til bedriftskundane og samtidig fått nye kundar, noko som har styrka posisjonen vår, seier Teigene 

På bedriftsmarknaden er det særleg bransjar som hotell, reiseliv og deler av varehandelen som er sterkast råka av koronapandemien, men for mange går det betre enn frykta.  

– Dei samla kortsiktige verknadane av korona er mindre alvorlege enn venta for næringslivet i Sogn og Fjordane. Mange aktørar innan reiseliv har hatt større aktivitet i sommar enn tidlegare år. Dei langsiktige verknadane av koronapandemien er likevel usikre, og utviklinga i verdsøkonomien vil påverke utviklinga også for næringslivet her.  

Høg aktivitet i privatmarknaden

Veksten på privatmarknaden held seg sterk med ein tolv månadars utlånsvekst på 6,0 prosent, noko som betyr at banken styrkar sin marknadsposisjon også her. 

– Banken har opplevd ein sterk konkurranse om spesielt bustadlånkundane, og det er gledeleg at veksten vår er sterk og over marknadsveksten også i andre kvartal. Det har vore høgare aktivitet i bustadmarknaden enn vanleg i sommar, noko vi har merka godt, seier Teigene 

 

 

Til toppen