Sogn og Fjordane: Søndag 20. oktober er dagen der heile landet bidreg i «verdas største dugnad», skriv TV-aksjonen i ei pressemelding.
– Me kjende ikkje til TV-aksjonen, men svara ja med ein gong me vart spurde. Me blir så glade når norske vil ha oss med på laget, seier dei to kvinnene.
Irene Uwamahoro og Yvonne Nshimirimana kjem frå Rwanda og Burundi, og har budd i Noreg i over 10 år. Likevel visste dei ikkje kva TV-aksjonen var før fylkesaksjonsleiar i Sogn og Fjordane, Oddrun Midtbø, inviterte dei med og forklarte kva det dreia seg om.
Begge likte idéen om å hjelpa folk som har det vanskeleg – anten det er i Noreg eller i andre land.
Innvandrarar vil engasjera seg
I 2018 handla det om utanforskap, og innsamlinga gjekk til Kirkens Bymisjon. Begge kvinnene deltok i arbeidet. Som flyktningar, kjenner dei begge godt til det å vera utanfor eit fellesskap.
– Eg blir både stolt og glad å kunne vera ein del av dette arbeidet, seier Irene.
– Eg var spent då eg banka på dei fyrste dørene, og vart skikkeleg positivt overraska. Folk kom ut, la pengar på bøssa og sa dei tykte det var flott at me som er nye til landet, engasjerer oss, seier Yvonne.
Ho var også aktiv i sitt eige heimland; som Røde Kors-medlem og som blodgjevar, og liker å vera ein del av eit fellesskap. I Sogndal er ho også styremedlem i frivilligsentralen.
Frå assistent til ekspert i TV-aksjonen
Sjølv om det i periodar er økonomisk stramt i liva deira, støttar dei folk som har det vanskeleg i heimlanda.
Det kan vera å sponsa dress til ein som studerer, eller bidra til at folk kan kjøpa seg eit enkelt hus i staden for å bu på gata.
I år rykka dei begge inn i fylkesaksjonskomiteen – som ekspertar – ettersom heimlanda deira er blant dei ni landa som CARE arbeidar i og som er mål for aksjonen i år.

Hjelpa 400 000 kvinner frå sårbare land
Tanken er at 400 000 kvinner i dei mest sårbare landa i verda skal få hjelp til å starta eigne bedrifter, bestemma over eigen kropp og få ei røyst i samfunnet.
Dette appellerer til dei begge.
– Det er ein stor styrke å ha med folk som kjenner kulturen og samfunnsforholda i landa TV-aksjonen går til. Når skuleungar og andre får møta og høyra historier frå folk som kjem frå desse landa, opplevast det sterkare og mykje nærare. Det er viktig å gje innvandrarar, i dette tilfellet afrikanske kvinner, ei røyst også her til lands, seier Midtbø i pressemeldinga.
Ho håper at det i framtida vil vera mange fleire innvandrarar som blir inkludert og som engasjerer seg i det samfunnsnyttige arbeidet TV-aksjonen representerer.
– Men då må dei fyrst få spørsmålet om å bli med, legg ho til.