STOPPAR PROSJEKTET: Sterkt fallande prisar i kraftmarknaden gjer at Østfold Energi ikkje ser det som økonomisk berekraftig å gjennomføra utbygging av Gravdalen kraftverk i Lærdal. Foto: Østfold Energi.
STOPPAR PROSJEKTET: Sterkt fallande prisar i kraftmarknaden gjer at Østfold Energi ikkje ser det som økonomisk berekraftig å gjennomføra utbygging av Gravdalen kraftverk i Lærdal. Foto: Østfold Energi.

Stopp for Gravdalen kraftverk

Sterkt fallande langsiktige prisar i kraftmarknaden gjer at Østfold Energi stoppar prosjektet.

Lærdal: Selskapet skriv i ei pressemelding at dei etter nøye vurderingar har bestemt seg for å stoppe vidare detaljplanlegging og bygging av Gravdalen kraftverk.

Sterkt fallande prisar i kraftmarknaden er årsaka, og prosjektet vert difor ikkje vurdert som økonomisk berekraftig å gjennomføra. 

Det var i februar i fjor at Østfold Energi fekk konsesjon til å bygga Gravdalen kraftverk i Lærdal kommune. Etter planen skulle kraftverket utnytta fallet mellom Dam Kvevotni og Gravdalen bekkeinntak i regleringsområdet.

NEGATIV TREND: Direktør for vasskraft i Østfold Energi, Morten Karlsen, fortel om ein negativ trend for kraftprisane.
NEGATIV TREND: Direktør for vasskraft i Østfold Energi, Morten Karlsen, fortel om ein negativ trend for kraftprisane.

Nytta store ressursar

Både leverandørar, offentlege myndigheiter og Østfold Energi har brukt store ressursar på å legga til rette for bygging av kraftverket, skriv selskapet.

– Østfold Energi søkte om konsesjon for utbygging i november 2008, i ein periode med stigande kraftprisar og positiv tru på realisering av ny vasskraft i Noreg. I tida fram til endeleg konsesjon blei gitt i februar 2015 har kraftprisane hatt ein einsidig fallande trend i snart fem år.

– Dei langsiktige kraftprisane har også falt dramatisk siste kvartal i 2015 og elserifikatmarknaden er på eit lågt nivå. Dette kombinert med eit teknisk utfordrande prosjekt med lang byggetid, gjer at me ikkje ser det som lønsamt å gjennomføre prosjektet i denne omgang, seier direktør for vasskraft i Østfold Energi, Morten Karlsen.

Framleis tru på fornybar energi

Men sjølv om det ikkje blir noko av kraftverket, insisterer han på at han har tru på fornybar energi.

– Østfold Energi har sterk tru på både fornybar energi og den grøne skiftet i Europa, men me ser diverre at dagens kraftmarknad ikkje gjer det økonomisk berekraftig å realisera utbygging av slike vasskraftverk som Gravdalen.

Etter planen skulle kraftverket i Gravdalen produsere rundt 57 GWh i året, noko som tilsvarar straumforbruket til rundt 3000 husstandar.

Til toppen