ALVORLEG: Førar av eit vogntog som vart stoppa på kontrollstasjonen på Håbakken søndag hadde fleire alvorlege brot på køyre- og kviletida. Vedkomande hadde heller ikkje gyldig førarrett. Illustrasjonsfoto 

Stoppa førar av vogntog som ikkje hadde førarrett

Føraren hadde dessutan fleire alvorlege brot på køyre- og kviletida. Og det er ikkje første gong.

Lærdal: Statens Vegvesen melder at førar av eit vogntog vert meld til politiet for manglande førarrett under ein kontroll på Håbakken søndag. Førarretten skulle ha vore fornya i desember 2016.

Vidare blir føraren meld for ei rekkje alvorlege brot på lovverket om køyre- og kviletid, med manglande eller alt for korte døgnkviler og for korte vekekviler.

Same førar vart i mai 2016 meld til poltiet for liknande alvorlege brot på lovverket om køyre- og kviletid, og fekk den gongen  16 000 kroner i førelegg og tap av førarretten i Noreg for seks månader.

Til toppen