Indre Sogn: Fyrste nyttårsdag fekk politiet 44 meldingar. Det siste døgnet har det roa seg litt.
– Det har ikkje skjedd noko så langt i dag, men det var eit par tilfeller i går ettermiddag og kveld, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Per Algrøy.
Krangling, skrik og skrål
Lærdal: Klokka 11.30 hadde politiet promillekontroll på Lærdalsøyri. Politiet stogga ein mann i 30-åra utan gyldig førarkort. Føraren, som skulle ta oppkøyring for klasse B om to veker, må no belage seg på sperrefrist og utsetjing på førarkortet. Mannen vart meld av politiet. Ellers ingen utslag på promillekontrollen.
Sogndal: Klokka 23:12 høyrte eit vitne smell i Lunnamyri. Vitnet oppdaga ei sprengt og øydelagd postkasse. Tre ungdommar vart observert springande frå staden. Ungdommane skal truleg ha tent på fyrverkeri i postkassa. Politiet har ikkje vore på staden, men forholda vert meld.
Årdal: Klokka 00:53 vart det meld om husbråk på Årdalstangen. Det var krangling, skrik og skrål mellom ein mann og ei kvinne. Ein politipatrulje rykte ut, og dei to personane i leilegheita var samarbeidsvillige. Saka vert truleg ikkje meld til politiet.