Indre Sogn: Årsaka er lite fisk, skriv NRK, som først omtala saka.
Line Fjellvær, fungerande avdelingsdirektør i Miljødirektoratet seier til avisa at å stoppe fisket tidleg er er eit tiltak for å sikra nok gytefisk i elvane til hausten.
– Vedtaket er gjort på bakgrunn av fangsttal, teljingar og vurderingar frå lokalt hald, seier Sturla Brørs, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.
Laksefisket vert stoppa 17. august i staden for 31.august. Det vil råka totalt 54 vassdrag i blant andre Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal kommune.
Lærdalselva er unnateke vedtaket. Det er òg Mørkridselva, Sogndalselva og Vikjaelva.
Dårleg start på sesongen
Sjølv om fisket starta i rimeleg tid denne sesongen, har det ikkje vore den heilt store fangsten å få. I mellom veke 22 og 25 i år blei 55 fisk blitt landa, mot 228 i same vekene i 2017.
– Det har kome litt fisk heile vegen, men ikkje store mengder, sa leiar Ola Petter Bøe i Lærdal elveeigarlag, då.
Bøe har ikkje vore tilgjengeleg på telefon for kommentar tysdag.