FÅ SØKARAR: Kokkelinja i Sogndal og kjemiprosesslinja i Årdal har same utfordringa. Næringslivet skrik etter kompetansen i dei to faga, men det er få som søker seg til utdanningane.
FÅ SØKARAR: Kokkelinja i Sogndal og kjemiprosesslinja i Årdal har same utfordringa. Næringslivet skrik etter kompetansen i dei to faga, men det er få som søker seg til utdanningane. (Montasje: Halvo Farsund Storvik/Årdal Vgs)

Stoppar utdanningstilbod i Årdal og Sogndal

Til hausten vil ikkje søkarane til andretrinnet på kokkelinja i Sogndal og kjemiprosesslinja i Årdal få halda fram utdanninga.

Sogndal/Årdal: Fylkespolitikarane i hovudutvalet for opplæring vedtok i går å ikkje starta opp andre trinna på kokke- og servitørlinja i Sogndal og på kjemiprosesslinja i Årdal til hausten. Vedtaket var i tråd med tilrådingane.

– Det at eit tilbod ikkje kjem i gang komande skuleår, inneber ikkje at det vert lagt ned. Hovudutvalet skal vurdera tilbodet på nytt når dei skal vedta opplæringstilbodet for skuleåret 2019–2020 i november, skriv Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring, i ei pressemelding.

Begge utdanningane er særs etterspurde på arbeidsmarknaden, men låge søkartal gjorde at politikarane likevel ikkje vil prioritera desse to linjene dette skuleåret.

Samtidig ber hovudutvalet at det blir laga eit tilbod til dei fire elevane som har søkt i Årdal, i samarbeid mellom skule og næringsliv. Dei oppmodar òg næringslivet om å jobba aktivt for å auka rekrutteringa til faget i åra som kjem.

Då det i mars vart kjent at utdanningane stod fare, skapte det reaksjonar både i Årdal og Sogndal.

– Det kjennest vanskeleg, både med tanke på elevane som blir avbrotne midt i eit løp, lærarkreftene som jobbar der og næringslivet som forventar at me gir dei lærlingar. Det er vanskeleg å tenka på at dette kan vera starten på ei nedbygging. Me er ein så liten skule at me eigentleg ikkje toler noko, sa Nina Jevnaker, tillitsvald ved den vidaregåande skulen i Årdal.

Til toppen