Sogndal: I eit surt 1-2 tap var fleire positive debutar noko av trenar Eirik Bakke kunne gle seg over. Best av alle var kanskje Reiss Greenidge, som i tillegg til trygt stopparspel viste at han kan bli eit farleg våpen i motstandarfeltet. Med litt marginar kunne det fort ha blitt to assistar på tometersmannen
– Eg har meir tenkt på forsvarsjobben han skal gjera. Storleiken hans gjer at han sjølvsagt kan bli ein trussel, men eg føler at han har enno meir å gå på for å skape trøkk i boks, seier Bakke.
Treng ryddegutar

Det er ikkje utan grunn at Bakke vel å fokusere på dei defensive oppgåvene engelskmannen kan bidra med. Statistikk frå Eurosport viser at Sogndal har sleppt inn åtte mål på dødball i år, mest av alle i Eliteserien.
– Det er noko vi har jobba med. Det vart masse mål imot i byrjinga av sesongen, men eg føler me har kome oss mykje etter kvart, ikkje minst etter at at Kjetil og Espen kom inn. På dødballar er det utruleg viktig og å ha store sterke stopparar som ryddar unna, seier Bakke.
Sjølv er Greenidge nøgd med å ha fått debuten, men ergrar seg over tapet.
– Vi er uheldige som ikkje får med oss noko derifrå, seier han.
Har planar om å vinna alle duellane
Det eine tilfellet av uflaks oppstod då Greenidge fekk forlenga eit Teniste-kast til Eirik Schulze i førsteomgang. Ballen gjekk i stolpen før kanonaden held fram med skotforsøk frå både Koomson og Brenderød. Stopparen håpar å skape meir kaos i fortsettinga.
– Dette er noko eg har blitt brukt til før. Viss eg får øvd på det meir på trening, så skal eg greie å vinne alle dei duellane og skape enno fleire mål for laget, seier Greenidge.
Trenar Eirik Bakke tykkjer han og dei fire debutantane kom greitt frå det, etter den dårlege starten. Eit skår i gleda var at Ole Martin Rindarøy fekk ein strekk bak i låret og nok blir å finne på sidelinja ei god stund. Likevel har Bakke fått fleire strengar å spele på, ikkje minst med Kjetil Wæhler og Bjørn Inge Utvik på veg tilbake.
– No må me bygga nye relasjonar og det tek alltid litt tid. Men me har fått ein god gjeng etter kvart og er bra skodde for hausten, seier Bakke.