TILBAKE: Kjetil Wæhler kom til Sogndal på same tid i fjor, men greidde ikkje å berga nedrykket. No vil han ta Sogndal tilbake til Eliteserien.
TILBAKE: Kjetil Wæhler kom til Sogndal på same tid i fjor, men greidde ikkje å berga nedrykket. No vil han ta Sogndal tilbake til Eliteserien. (Halvor Farsund Storvik)

Stopparveteranen klar for Sogndal

Kjetil Wæhler (42) kom til Sogndal på same tid i fjor, men greidde ikkje å berga klubben frå nedrykk. No vil han ta laget tilbake til Eliteserien.

Sogndal: Kjetil Wæhler (42) skal spela med Sogndal ut sesongen, det melder klubben på sine eigne nettsider. Signeringa er ein reprise av fjoråret, då Wæhler vart henta ut av pensjonisttilvêret saman med Espen Næss Lund for å løysa stopparkrisa til Sogndal.

SJEFEN TILBAKE: Med Per Magnus Steiring ute med skade, vert Kjetil Wæhler ei ekstra velkomen tilvekst til laget. Bilde: Arkiv

– Me er svært nøgde med at Kjetil har sagt ja til å bli med oss ein sesong til. Han er i gong på feltet, og blir ei viktig brikke for oss både i kamp og ikje minst i treningskvardagen, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Stopparkrisa i Sogndal er om mogleg enno meir alvorleg enn på same tid i fjor. Even Hovland forsvann til Rosenborg etter èin serierunde, medan Per Magnus Steiring no er ute i sju veker etter skulderskaden han pådrog seg i cupkampen mot Fyllingsdalen onsdag.

Før signeringa var dermed Reiss Greenidge og Ulrik Fredriksen einaste kampklare stopparar i stallen. Førstnemnde har spelt fleire kampar som venstreback i seriestarten, medan sistnemnde har gjort ein god figur som spiss.

– Kjetil var svært viktig for oss i fjor. Med sin rutine stod han fram som eit eksempel for det unge mannskapet vårt, og han var ein viktig mentor både på og utanfor bana. Dette er ei rolle han og vil bekle i 2018, seier Håvard Flo til sogndalfotball.no.

 
Til toppen