Årdal: Det blir ei stor øving, med mykje mannskap og tungt utstyr inne i tunnelen. Norsk Folkehjelp stiller med markørar for å gjere øvinga realistisk.
Bakgrunnen for brannøvinga er at det har vore arbeid i Bermålstunnelen sidan byrjinga av januar 2016 fordi heile tunnelen skal oppgraderast.
Handtere vanskelege situasjonar
Arbeidet går på kveld og natt, frå måndag kveld til fredag morgon, med arbeidstid frå klokka 20.00 til 06.00, med passering til faste tidspunkt. Trafikken blir leia gjennom arbeidsområdet med ledebil.
Når det ikkje har vore arbeid i tunnelen har det vore fri ferdsel, men med nedsett fartsgrense. Det er fordi tunnelen i anleggsperioden manglar tryggleiksutrusting som naudskåp, og på eit tidspunkt også brannapparat.
Målet med øvinga er å trene entreprenøren som arbeider i tunnelen, byggherre Statens vegvesen og nødetatane i å handtere vanskeleg situasjonar i ein tunnel utan tryggleiksutstyr.