FARE: – Snøskredsituasjonen i Sør-Noreg vil vere kompleks for den kommande utfartshelga, advarar NVE. Foto: Arkiv. 
FARE: – Snøskredsituasjonen i Sør-Noreg vil vere kompleks for den kommande utfartshelga, advarar NVE. Foto: Arkiv. 

Stor fare for snøskred 

NVE varslar om faregrad 3 i Sogn og Jotunheimen torsdag og fredag. 

Lærdal/Årdal: Krevjande skredforhold i fjellet, ferdsel i bratt terreng krev erfaring og kunnskap. I låglandet kan det gå våte skred i bratt terreng, melder NVE på sine nettsider. 

– Me forventa ein god del skredaktivitet i fleire regionar i Sør-Noreg» seier snøskredvarslar Karsten Müller.

Hald deg oppdatert på skredtilhøva her

Varmare vêr 

Grunnen til den auka faregraden er varmare temperaturar i kombinasjon med eit vedvarande svakt snølag, som blei danna i midten av april.

– Dette laget vil ligga under fokksnø, og me forventa at det kan gå middels store naturleg utløyste skred når det overliggande laget blir mjukt, fortel Müller i ei pressemelding frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). 

Mange planlegg kanskje tur torsdag til søndag denne veka. Då kan det vere lurt å halda seg oppdatert på snøskredvarsel og råda på varsom.no.

Dei siste to helgane har det vore nærare 20 skred med skiløperar involvert, og no er det venta varmt vêr som kan medføra til fleire skred. Det er meldt om høg temperatur og meir sol frå torsdag av i store deler av Sør-Noreg. 

Kompleks situasjon

Førre helg resulterte det tynne snølaget i in rekkje fjernutløyste, naturleg utløyste og skiløperutløsyte skred.

– Snøskredsituasjonen i Sør-Noreg vil vere kompleks for den kommande utfartshelga, advarar Müller.

NVE oppmodar ski- og turfolk til å følgje nøye med på sitasjonen og unngå å oppsøka skredterreng. Det inneber også utløpsområder for snøskred.

Høg lufttemperatur og solinnstråling smeltar snøen og gir mykje vatn i snøen. Dette gir auka skredaktivitet. 

– Ein må vere obs på moglege skavlbrot og halda god klaring frå kanten på skavler og ikkje leggja turen under skavler. Eit skavlbrudd vil ofte vere fatalt, skriv NVE.

Til toppen