FRILUFTSENTUSIASTAR: Hilde Kauppi Strumsheim, Lene Lerum Bruheim og Anna Kastet har ikkje vore på Vinjerock før, men slo fast at dei definitivt skal tilbake. Foto: Sunniva K. Øvstetun
FRILUFTSENTUSIASTAR: Hilde Kauppi Strumsheim, Lene Lerum Bruheim og Anna Kastet har ikkje vore på Vinjerock før, men slo fast at dei definitivt skal tilbake. Foto: Sunniva K. Øvstetun

Stor festivalglede trass dårleg ver

Blant om lag 4000 andre festivalglade menneske på Vinjerock i helga, var det tre årdalsjenter som ikkje har anna enn lovord å seie om den populære festivalen.

Eidsbugarden: – Dette har vore ei heilt utruleg oppleving, og me kjem definitivt til å prøve å få reise hit fleire gonger, fortel Anna Kastet.

I år vart Vinjerock utseld på utrulege ti sekund, og festivalen har vorte eit viktig og populært arrangement både i festivalnoreg og for musikkelskande friluftsentusiastar.

Saman men Lene Lerum Bruheim og Hilde Kauppi Straumsheim  vitja Anna Kastet Vinjerock for aller fyste gong i år, og festivalen levde opp til alle forventingar.

Topp stemning
Den friluftsnære festivalen kan by på lekkert og friskt tidsfordriv høgt til fjells, og ein kan finne alt frå musikk og aktivitetar til foredrag og kurs. Det er med andre ord noko for ein kvar smak. 

På plakaten i år sto det fleire kjende namn, deriblant står  Susanne Sundfør, Honningbarna, Øystein Greni, Team Me, Higasakite og mange fleire. Fredag dukka Karpe Diem overraskande opp, og det viste seg at overraskinga vart godt motteke.

Artikkelen held fram under biletet

GOD STEMNING: Highasakite avslutta den friluftsnære festivalen laurdag kveld.
GOD STEMNING: Highasakite avslutta den friluftsnære festivalen laurdag kveld.

Trass i dårlege vêrmeldingar vart det seld like mange festivalpass i år som i fjor, og med om lag seks hundre frivillige som jobbar under festivalen reknar arrangørane med at om lag 4000 menneske var å finne i fjellheimen denne helga. Dette er tal som arrangørane er særs nøgde med.

Highasakite var det store
Dei tre jentene har gleda seg lenge til festivalen, og då spesielt til å få høyre den relativt nye gruppa HighasaKite. Gruppa er mellom anna kjend for å ha laga kjenningsmelodien til den mykje omtala serien Frikjent, og jentene var samde i at gruppa innfridde alle forventingar.

Bruheim trekk også fram Team Me frå Bergen som ein personleg favoritt, medan Kauppi Straumsheim legg til at Susanne Sundfør truleg vart hennar favoritt.

Jentene dreg også fram god musikk, god stemning og eit gjennomført godt arrangement som det beste med festivalen. Kastet legg til at ho også er positivt overraska over alkoholbruket på festivalen, det er ikkje ein typisk rølpefest.

Til toppen