TURISTSKATT: Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, stør forslaget om turistskatt og skriv at slik vi gjer det i dag, vil vi ikkje klare å gjere verdas beste reiselivsprodukt verd tittelen. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
TURISTSKATT: Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, stør forslaget om turistskatt og skriv at slik vi gjer det i dag, vil vi ikkje klare å gjere verdas beste reiselivsprodukt verd tittelen. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

MEININGAR

Stør forslaget om turistskatt

– Finansiering av fellesgoder i reiselivet kan vere lik finansieringa av Sjømatrådet, skriv Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring. 

  • Endret

I NRK Sogn og Fjordane går direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge AS inn for eit system med Kur-Tax, eller turistskatt, lik det mange av landa i Sentral- og Sør-Europa har i dag. Fylkesdirektøren for næring stør forslaget.

Fylkesdirektøren tok dette opp i eit orienteringsnotat til hovudutvalet for plan og næring i november 2010. Synet på ei slik løysing er, ikkje uventa, delt, og det er uansett ei sak som må løysast på nasjonalt nivå. Men nokon må komme med forslaget.

Kva inneber Kur-Tax?

Kur-Tax er ei avgift som skal gå til tiltak som du som gjest ser att i form av konkrete tiltak, skilt, merking, informasjonstavler, parkeringsplassar, skiløyper, tilrettelegging av kulturminne. Dette handlar om å legge ein gitt sum på rekninga til gjesten, og seinare legge denne inn i ein fellespott som blir fordelt etter ein tiltaksplan. Næringslivet har stor innverknad på løyvingane, men det er vanlegvis offentleg administrert.

Næringsavgifter slik Sjømatrådet har det i dag

Kostnader til felles marknadsføring av til dømes Fjord Norge-regionen blir med Kur-taxmetoden kravde inn frå næringslivet etter ein nøkkel som er tilpassa den enkelte næring. Fordelen er at heile næringslivet blir pålagt dette, ikkje berre «reiselivsnæringane». Slik blir også til dømes daglegvarehandelen, som vanlegvis får mykje att for auka turisme, pålagde å betale ei avgift etter omsetning. Sjømatrådet, fellesorganet for marknadsføring av norske fiskeprodukt,  finansierer si verksemd på akkurat same måten i dag, rett nok med innbetaling berre frå næringsaktørar. Dette blir ikkje oppfatta som kontroversielt, men heller som ei investering i framtidig inntekt. I praksis blir dette gjort slik at dei kommunane som ynskjer det, pålegg næringslivet avgifta med basis i forskrift.

Baksida av medaljen

Innovasjon Norge med fleire inviterte til ein studietur i Tirol i 2010 der vi fekk grundige orienteringar om metoden. Dei la vekt på at dette også krev administrasjon, noko som også er viktig å få fram her.

Til toppen