SIGNERER: Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad (t.h.) signerer på intensjonsjonsavtalen, her saman med leiar for Kaupus AS, Tor Arne Ness. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SIGNERER: Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad (t.h.) signerer på intensjonsjonsavtalen, her saman med leiar for Kaupus AS, Tor Arne Ness. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Stor framdrift i planane om Vitensenter

Denne veka signerte Sogndal kommune under på ein intensjonsavtale om å bli med på dei vidare planane.

Sogndal: – Me signerer på intensjonsavtalen for å visa at me vil vera med på å jobba fram eit Vitensenter på Kaupanger. Med avtalen blir me med i styringsgruppa og referansegruppa. Dermed skal me i det vidare avklara om me skal vera med å eiga ei slikt senter og kva tenester me skal kjøpa til barn i barnehage og skule frå senteret, seier rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad.

Planane om å etablera eit Vitensenter Sogn og Fjordane har skote fart dei siste månadane. Porten.no omtalte planane først – det var i desember, og i mellomtida har mykje skjedd.

Les også: Jobbar med å få Vitensenter på Kaupanger

Les også: Her har dei det første møtet om vitensenteret

– Det har gått fort og det er artig. Eit så stort prosjekt krev grundig arbeid, og ein må venta at det tek tid. Men framdrifta er stor, seier leiar i Kaupus AS, Tor Arne Ness.

Mellom anna er det oppretta dialog med både fylkeskommune og kommunane i Sogn gjennom regionrådet. Ness fortel responsen er bra.

– Ingen har hatt innvendingar, og mange er positive. Senteret skal vera for heile fylket, seier Ness.

– Statleg finansiering det mest avgjerande punktet

Vitensentera er populærvitenskapelege opplevings- og læringssenter innan matematikk, naturvitskap og teknologi der dei besøkjande lærer ved å eksperimentera sjølve - ein utforskar fenomen knytt til natur, miljø, helse og teknologi i praksis.

Slike senter finst rundt om i landet, men ingen i Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal. Tanken er at innhaldet i eit slikt senter på Kaupanger skal reflektera næringsliv og teknologi som er særskild aktuelt i regionen. Difor er stikkordet REINT etablert, som står for: Reise, Energi, Industri og teknologi, Næringsmiddel -matproduksjon, Transport og miljø .

Vitensentera er for folk flest, som ein vitjingsattraksjon. Men også retta inn mot skulane for praktisk læring, spesielt innanfor realfaga.

– Skuleeigarane er difor sentrale, det vil seia kommunane, fylkeskommunen og Høgskulen, forklarar Ness.

Difor er det utforminga av ein eigarmodell som står sentralt i arbeidet no. På skisseplan ser ein føre seg at fylkeskommunen står som utbyggjar, og at Vitensenteret blir bygd i samband med transportlinja på Sogndal Vidaregåande skule, som ligg på Kaupanger. Vidare at aksjeselskap er mest aktuelt som eigarform.

– Forprosjektet skal vera ferdig i desember, då må me ha avklaringane på plass. Då kan eit eventuelt hovudprosjekt med realisering starta opp. Det mest avgjerande punktet der ein del framleis er uklart, er statleg finansiering. Vitenprogrammet er ein etablert strategi frå kunnskapsdepartementet for å auke interesse for realfag, og drift av vitensentera er difor delfinansiert av staten, forklarar Ness.

– Sjansane har aldri vore så gode som no

Rådmann Aanestad ser mange styrker ved å få på plass senteret:

– Me har i lang tid jobba godt og breidt med system for styrka læring, og eit  Vitensenter vil vidareføra denne satsinga. Med intensjonsavtalen me skriv i dag, syner me at me er tidleg ute. Så håpar me andre kommunar i Sogn ønskjer å vera med. Så har me eit stort næringsområde på Kaupanger med eit vidt spekter me vil satsa vidare på. Det er ein møteplass og for næringslivet, og eit Vitensenter vil gje tilvekst.

– Kor store meinar du sjansane er for at dette blir noko av?

– Moglegheita for å få til eit slikt senter i fylket har aldri vore så stor som no. Mange her ønskjer å bidra for å få realisering. Eit breidt spekter innan næringslivet har gitt positive signal. Fylkeskommunen er positivt inne som tomteeigar og eventuell utbyggjar, i kombinasjon med den vidaregåande skulen.  Så skal det seiast at det er langt fram, og utfordringa blir å få ein driftsmodell i balanse.  

Til toppen