Aurland: E16 Gudvangatunnelen opnar kl. 17.
– Fantastisk innsats frå alle involverte!, seier vegavdelingsleiar Svenn Egil Finden.
Han er svært nøgd med at vegsambandet kan opna att i ettermiddag og rosar alle som har stått på døgnet rundt etter brannen førre helg.
– Det er gjort ein stor innsats for å få til den tidlege opninga. Veldig godt samarbeid og stor stå-på-vilje blant alle involverte.
- Les òg: NRK: Lastebilen som brann, var ny
- Les òg: Over tretti evakuerte og fire til sjukehus etter tunnelbrannen i natt
Mykje arbeid på kort tid
Sterk varme kan få bitar av fjellet eller betongen som er brukt til å sikra det, til å sprekka eller losna. Eit område på om lag 125 meter rundt brannstaden måtte difor sjekkast for skader.
Alt laust er fjerna, og fjellet er sikra på nytt med sprøytebetong og boltar i eit område på nesten 2000 kvadratmeter.
Kabling, nytt lys og DAB-dekning er på plass. Det er sett opp antenner for å etablera mellombels naudnett. Naudstasjonane er kontrollerte og skadd utstyr skifta ut. I dag vart det lagt ny asfalt på staden.
– Me har prioritert det arbeidet som er heilt naudsynt for å få opna tunnelen for trafikk att, og det er gjort veldig mykje på kort tid, fortel Finden.
Restarbeidet blir teke dei kommande dagane i arbeidstidene til tunneloppgraderingsprosjektet.
Arbeidet er gjort av entreprenørane på som alt var i gang med oppgraderingsprosjektet: Flage Maskin, Kvinnherad elektro og Sogn Vegteneste, samt entreprenørane Presis Vegdrift og Mesta elektro.
– At mykje mannskap og utstyr allereie var på staden, har bidrege til den raske opninga. Entreprenørane har òg fått god trening i å aksjonera ved slike hendingar, seier Finden.

Kolonnetidene held fram som før
Med redusert trafikk på E16 grunna stenginga, har ein nytta høvet til å få unna vedlikehaldsarbeid i Lærdalstunnelen, Flenjatunnelen og på strekninga Aurland-Flåm.
– Dette arbeidet var planlagd seinare, men me har flytta det fram slik at me slepp å avgrensa trafikken seinare, fortel Finden.
Natt til laurdag startar det vanlege arbeidet opp att. No i april er prosjektet over på sommartid, og arbeidet startar kl. 22:00 alle dagar i veka.
Det blir kolonnar som før, frå Flåm kl. 22:45, 00:15, 01:45, 03:15 og 04:45, og frå Gudvangen kl. 23:30, 01:00, 02:30, 04:00 og 05:30.