STOR INTERESSE: Bustadprosjektet i Storevegen 28 haustar mykje interesse, fortel tiltakshavarane. Slik ser teikninga for det potensielt nye burettslaget ut. Foto: Arkitektkontoret 4B.
STOR INTERESSE: Bustadprosjektet i Storevegen 28 haustar mykje interesse, fortel tiltakshavarane. Slik ser teikninga for det potensielt nye burettslaget ut. Foto: Arkitektkontoret 4B.

Stor interesse for bustadprosjekt i Årdal

Interessa er stor for burettslaget som kan koma i Storevegen 28 i Øvre Årdal. Her er teikningane.

Årdal: Det fortel Greta Steinheim i Årdal Boligbyggelag og Ole Vidar Øren i Legal Eigedom. I vinter skreiv Porten.no at dei to hadde planar om å etablera eit burettslag i Storevegen 28.

Sidan då har dei to hatt fleire interesserte på døra som vil sjå teikningar. Nokre har til og med plukka seg ut ei leiligheit. Det stadfestar kjensla dei har hatt om at eit sentrumsnært bustadprosjekt har ein marknad, seier Øren og Steinheim.

– Me har faktisk hatt fleire som har vore inne på kontoret for å sjå på teikningar. Mange er spente på kva dette blir. Eg kan seie at me iallfall har hatt ti–tolv interesserte. Det er stor interesse for prosjektet, seier Steinheim og fortel at dei som spør er godt vaksne som ønskjer seg ein enklare kvardag.

– Ambisjonen er å gjennomføre

Torsdag skal formannskapet i Årdal ta stilling til om dei vil leggja detaljreguleringsplanen ut på høyring. Tilrådinga til prosjektet er positiv. I så fall kan det bety at gjeldande reguleringsplan blir endra. I fleire vender har det vore næring i første etasje på bygget. Her ønskjer ein no å byggje bustader.

Artikkelen held fram under biletet.

BUSTADPLANAR: Greta Steinheim i Årdal Boligbyggelag og Ole Vidar Øren i Legal Eigedom har spennande planar for Storevegen 28 i sentrum av Øvre Årdal.
BUSTADPLANAR: Greta Steinheim i Årdal Boligbyggelag og Ole Vidar Øren i Legal Eigedom har spennande planar for Storevegen 28 i sentrum av Øvre Årdal.

– Det er positivt at tilrådinga er positiv. Det motiverer sjølvsagt oss til å gå vidare. Ambisjonen vår er å gjennomføre, seier Øren, som er glad for at kommunen har jobba såpass raskt med saka at ho kjem opp før sommarferien.

– Me jobbar parallelt med at fristane går, slik at når endeleg vedtak ligg føre, så er me komne veldig langt. No har me byrja på ein fase der me kostnadsvurderer alt og prøver å finna eit prisbilete som ikkje minst skal passa godt i marknaden, forklarar han.

Vil byggje bustader på gateplan i staden for næring

Blir det ja, skal saka først ut på høyring før ho kjem tilbake til endeleg handsaming. I planen ivaretar dei fleste punkta føringane i kommuneplanen, men unntaket er arealet mot Storevegen på gateplan der ein ønskjer å byggje bustader i staden for å ha næring.

Artikkelen held fram under biletet.

ANDRE SIDA: Her er bygget sett frå den andre sida.
ANDRE SIDA: Her er bygget sett frå den andre sida.

– Om de får nei til å byggje bustader på gateplan, kva skjer då?

– Den tanken har eg ikkje tenkt, for i mitt hovud er det utenkeleg. Med tanke på det som skjer elles er det nøydd å skje ei vriding slik at ein er meir tilpassa ei anna tid, svarar han.

Nabo fryktar auka trafikk

Tanken er uansett å kompensere dette med ei såkalla miljøgate. I kva grad det vil ivareta måla for utvikling av eit attraktivt sentrum, vil vere avhengig av korleis området vert utforma og kor tilgjengeleg det vert, går det fram av saksutgreiinga.

Det har allereie kome innspel til planane, mellom anna frå naboane Gunnar og Solveig Valsvik som fryktar auka trafikk i Fridtjof Nansens veg. Dei meiner også at varelevering bør skje frå Storevegen og ber Øren rive eller flytte ein garasje som gjer det smalt å passere mellom Storevegen 26/28 og 26/23.

NVE og Statens vegvesen har ingen innspel, medan Fylkesmannen berre peikar på sine rutinar for handsaming av plan- og dispensasjonssaker.

Til toppen