NØGDE: Prosjektleiar Heidi Helle (f.v.), salssjef Einar Øvregard og dagleg leiar Dag Loftesnes i Nordbohus og grunneigar Magne Forberg er svært nøgde med interessa for bustadprosjektet Solhammar (Framstilling av fasaden i bakgrunnen). Foto: Ole Ramshus Sælthun
NØGDE: Prosjektleiar Heidi Helle (f.v.), salssjef Einar Øvregard og dagleg leiar Dag Loftesnes i Nordbohus og grunneigar Magne Forberg er svært nøgde med interessa for bustadprosjektet Solhammar (Framstilling av fasaden i bakgrunnen). Foto: Ole Ramshus Sælthun

Stor interesse for den første leilegheitsblokka i Aurland

Salet av dei atten leilegheitene i Solhammar er i gang - over førti har meldt si interesse.

Aurland: - Me er optimistiske og har tru på at me kan koma i gang som tenkt, seier grunneigar Magne Forberg.

Måndag heldt han og utbyggjar Nordbohus Sogn "kick-off" for bustadprosjektet Solhammaren, som består i ei sentrumsnær blokk med atten leilegheiter.

Om lag femti interessentar eller andre som var nysgjerrige på prosjektet møtte opp på Trudvang kino.

- Det er eigentleg ein historisk dag, for dette er første gong eit prosjekt med utbyugging av denne typer bustader blir lansert i Aurland. Og då er det kjekt at så mange møter opp, seier Forberg.

To storleikar på leilegheitene

Før møtet hadde 36 meldt si interesse skriftleg, og etter møtet hadde grunneigaren og utbyggjaren kome opp i over førti. Seksten av dei atten leilegheitene må vera seld før dei køyrer i gang prosjektet.

- Det ser voldsamt bra ut - med tanke på antalet interessentar skulle ein tru me får seld nok, seier salssjef Einar Øvregard i Nordbohus Sogn.

Salet byrjar tysdag, og er det seld tilstrekkjeleg tal leilegheiter til 1. mai startar bygginga då - i så fall skal leilegheitene stå klare neste sommar, altså i 2018.

- Får me ikkje seld nok til då kjem me til å halda fram til me har nok sal, det er i alle fall utgangspunktet, seier Forberg.

Av dei atten leilegheitene er tolv med to soverom og har eit areal på 64 kvadratmeter når det kjem til primærrom og 83 kvadratmeter brottoareal. Terrassen på desse er 13,6 kvadratmeter.

På kvar av sidene blir det to større leilegheiter med tre soverom kvar - altså seks leilegheiter i denne storleiken totalt. Her er det 92 kvadratmeter primærrom og 125 kvadratmeter bruttoareal.

Les også: Luftig bustadprosjekt i Aurland skal utnytte ny trend

Prisspenn på halvannan million

INTERESSE: Om lag femti møtte opp for å høyra om det nye bustadprosjektet under møtet måndag.
INTERESSE: Om lag femti møtte opp for å høyra om det nye bustadprosjektet under møtet måndag.

Ein av dei som var på møtet, Inga Winjum, sanka informasjon for andre interesserte, men meiner dette må vera midt i blinken for mange.

- Dette ser veldig bra ut, eit solid prosjekt. Og veldig greitt at leilegheitene kjem i ulike storleikar til ulike prisar.

For leilegheitene med to soverom startar prisane på 2,89 millionar for dei fire i 1. etasje, så stig prisane med 100 000 for kvar etasje ein går opp. For dei største leilegheitene er prisen 4,09 millionar i 1. etasje, 4,2 millionar i 2.etasje og 4,4 millionar i 3. etasje.

For Ørjan Eraker frå Lærdal var prisane noko i overkant av kva han såg føre seg.

- Det er middels interessant for vårt vedkomande, prisane blir litt tøffe. Leilegheitene er perfekte og ligg kjempeflott til, men det er kanskje først og fremst for eldre som har noko å selja og såleis er viljuge til å betala.

Leilegheitene blir liggjande 80 m.o.h vel 600 meter nordaust for Aurlandsvangen i luftlinje. Utan noko som sperrar blir det såleis godt utsyn utover både fjord og fjell.

- Me får eit breiare spekter å tilby

Salssjef Øvregard forklarar ei slik tomt også blir dyr å byggja på: 

- Mykje grunn- og betongarbeid må til. Så får ein også eit fint parkeringsanlegg innandørs i kjellaren, og det blir heis. Det er god kvalitet i heilskapen, og kvalitet kostar.

Kommunestyrerepresentant Terje Horvei (V) var også på møtet - han skal ikkje kjøpa leilegheit, men fortel kommunen ser svært positivt på prosjektet.

- Eg ønskjer det hjarteleg velkommen. Me har jobba halvannan periode for å betra bustadsituasjonen no, og med dette prosjektet får me eit breiare spekter å tilby.  Og det må byggjast i høgda, for me kan ikkje byggja på dyrka mark. Så eg håpar folk let seg freista - dette er også eit prosjekt med god kvalitet.

- Kven passar leilegheitene for, tenkjer du?

- Med tanke på prisen er det nok kanskje først og fremst eldre som vil ha noko enklare enn einebustader. Men eg håpar det også kan vera interessant for yngre. 

Til toppen