Stor interesse for det planlagte handelsbygget

Stor interesse for det planlagte handelsbygget

Men dagleg leiar vil førebels ikkje røpa kven som vil fylle huset.

Før påske sendte selskapet Handelsbygg inn varsel til Årdal kommune om at planarbeidet for det planlagte handelsbygget i Hydroparken er starta opp. 

Det var før jul i fjor at nyhenda om eit nytt handelsbygg kom, og sidan har reaksjonane vore blanda. Medan enkelte tek dette godt imot, stilte blant anna ungane opp og gjorde motstand mot det som vil øydeleggja eit leikeområde for dei.

LES OGSÅ: – Hydroparken er best

I reguleringsplanen Handelsbygg har sendt til kommunen går det fram at dei vil vera med på å betala for ei erstatningsløysing som kommunen vil gjennomføra. 

– Me har sagt til kommunen at me vil leggja nokre pengar i potten slik at det kan opparbeidast eit erstatningsareal eller leikeareal i sentrum, seier Tore Johan Arntzen, dagleg leiar i Handelsbygg, til Porten.no. 

Skal stå klart hausten 2016

I dag er området regulert til næring, men ikkje forretningsføremål, og difor må dette omregulerast i kommunen. Når saka kjem opp politisk, er uvisst, men Arntzen forventar at i laupet av hausten vil svaret vera klart.

Då skal sjølve bygginga etter planen starte opp våren 2016 før bygget skal stå klart til opning i slutten av det same året.

LES OGSÅ: Planlegger nytt handelsbygg i Hydroparken

– Me ventar på godkjenning. Det tar erfaringsmessig seks månader eller meir, men det er avhengig av innsigelsar. No er dette sendt inn, så ut på hausten forventar me at området er regulert. 

Best eigna område

STORT OMRÅDE: Eit slikt forretningsbygg krev store område, og då var Hydroparken best eigna. Illustrasjon: Hanne Karin Tollan.
STORT OMRÅDE: Eit slikt forretningsbygg krev store område, og då var Hydroparken best eigna. Illustrasjon: Hanne Karin Tollan.

Arntzen fortel at han har brukt mykje tid i Årdal for å finna eit passande området. Enkelte vil meina at eit handelsbygg burde ligga ein annan plass i kommunen, men det har ikkje vore lett å finna ein slik plass.

– Eg har brukt mykje tid på å finna ei tomt på åtte til ti mål som kan bebyggast med fleire tusen kvadratmeter, og det er ikkje lett. Me har leitt med lys og lykter og sett på mange alternativ. 

Til slutt enda dei altså på Hydroparken, som Hydro er eigar av. Der har dei kome fram til ei løysing som ivaretek eventuelle utvidingsplanar for alumniumsverket ved at nord-aust i planområdet er det sett av 2,5 mål til industriføremål.

Rykter

Når det gjeld forretningsbyggets innhald, er det ganske sikkert at Europris vil vera ein av butikkane som kjem på plass. Handelsbygg har bygd mange butikkar for denne kjeda, men ingenting er signert, understrekar Arntzen.

Samstundes legg han til at det er stor interesse for bygget frå ulike aktørar.

– Men me har ikkje signert noko med nokon enno.

Det verserer ulike rykter om diverse butikkar. Ein ting som er sikkert er at det ikkje vil vera plass til butikkar som driv med faghandel.

– Eg kan ikkje kommentera eller seia noko om rykta. Europris er interessert, og så blir det ein eller to leigetakarar til. Dette området er ikkje eigna for faghandel. Her skal det liggja store butikkar, presiserer han.

Til toppen