Balestrand: – Eg synast dette har vore veldig kjekt. Det er vanskeleg å bedømma kor mange som kjem på slike arrangement, men det har vore bra oppmøte og tilbakemeldingane har vore gode, fortel ordførar i Sogndal kommune, Arnstein Menes.

BILDESERIE
Stor interesse for tettstadsvandringar i nye Sogndal kommune
Vêret stoppa ikkje folka frå indre Sogn denne helga heller. Godt kledde møtte dei på den tredje og siste tettstadsvandringa i nye Sogndal kommune. Ordførar, Arnstein Menes ser ikkje bort i frå at det kan bli fleire slike arrangement det kommande året.