– Det er sjølvsagt gledeleg at me har hatt ein nedgang, seier politisjef i Sogn og Fjordane Arne Johannessen.

Stor nedgang i kriminalitet i 2020, men politisjefen har ikkje berre gode nyheiter å melde
Talet på registrerte lovbrot gjekk i 2020 ned 11 prosent samanlikna med året før. Samstundes bruker politiet i Vest politidistrikt meir tid enn før på alvorlege krimsaker.