STOR NEDGANG I STRAFFESAKER: Det kjem fram i ei pressemelding frå politiet.
STOR NEDGANG I STRAFFESAKER: Det kjem fram i ei pressemelding frå politiet. (Foto: Arkiv)

Stor nedgang i straffesaker - mykje grunna korona

Men ei type straffesak har hatt oppgang samanlikna med fjoråret.

Sogn: Det har vore ei auke i valdtektsaker sidan 2019. I fyrste halvår av 2020 er det registrert 20 saker, mot 14 i 2019 på same tid.

Dette kjem fram i pressemeldinga frå Politiet i Sogn og Fjordane og deira statusrapport for første halvår 2020. 

Alle tala er samanlikna med tal frå 2019.

RESULTAT OG UTVIKLINGSTREKK, POLITIET I SOGN OG FJORDANE – 1. HALVÅR 2020

Straffesaksutvikling 1.halvår 2020 – samanlikna med 1. halvår 2019:

Stor nedgang i registrerte straffesaker:

878 registrete straffesaker pr. 1.7.2020 (1480 på same tid i 2019).
Dette heng saman med sterk nedgang i aktivitet under Covid 19 perioden.

Oppgang i valdtektsaker:

20 registrerte saker (14 i 2019 på same tid).
(auke tal saker med born under 16 år).

Grove valdssaker: liten nedgang

13 saker (16 på same tid i fjor).

Mishandling (kroppskrenking) i nære relasjonar har stor oppgang:

21 registrerte saker (12 på same tid i 2019).

Stor nedgang i vinningsaker:

86 registrerte saker (157 på same tid i 2019).
6 saker grovt tjuveri (17 saker på same tid i 2019).

Narkotika/doping saker:

115 saker (187 på same tid i 2019).

Grov narkotika kriminalitet:
7 saker ( 6 saker på same tid i 2019).

Trafikk: 
Klar nedgang i talet på kontrollerte bilar (det heng saman med Covid 19 smitteverntiltak).
Ca 3000 kontrollerte (ca 7000 på same tid i 2019).
Stor oppgang i reaksjos %: 13,89% av alle kontrollerte fekk reaksjon.
Førarkortbeslag: 11 for rus og 5 for fart.

Meldingar registrert i politiet sitt operative system:
5634 meldingar ( 6116 på same tid i 2019).
229 meldingar relatert til tvang/trugsmål ( 231 på same tid i 2019).
13 væpna oppdrag.
643 oppdrag relatert til helse/psykiatri (320 på same tid i fjor).
Av dei 643 helserelaterte oppdrag er 127 korona relatert og 480 er psykiatri relatert.

Til toppen