NEDGANG: Det er færre hjortar som vart felt i 2015 enn den var året før. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
NEDGANG: Det er færre hjortar som vart felt i 2015 enn den var året før. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.

Stor nedgang i talet på felte hjortar 

For fyrste gong sidan 2006 har det vorte felt færre enn 10.000 hjort i Sogn og Fjordane.

Fellingstala for jaktsesongen 2015/2016 var 9.654, nesten 700 færre enn året før, viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.

Hjortefellingane har jamt vorte færre sidan toppåret 2010, da det vart felt 11.771 dyr i fylket, ifølgje Firda.

Statskog lyser ut storviltjakt-felt

I april er det klart for å søkje løyve til å drive storviltjakt i statsallmenningane. Statskog legg ut dei ledige jaktfelta 1. april.

I tillegg til dei 280 jaktlagløyva i elgjakta, er det no òg mogleg å kjøpe jaktrettar på både elg og hjort utan å vere med i eit jaktlag. Tilbod om jaktkort for slik åleinejakt blir lagt ut etter at elg- og hjortejakta er i gang.

I fjor var det stor rift om dei statlege elgjaktløyva. Over 900 jaktlag søkte da på dei 219 jaktfelta til Statskog. I år blir det mogleg å søkje på rundt 280 felt, og nokre av felta blir delte i to periodar, slik at fleire jaktlag får sleppe til.

Populære jaktfelt

– Nokre felt er svært populære. Rekorden i fjor var at 163 jaktlag søkte på det same feltet, i Stor-Elvdal i Hedmark, seier fagsjef Jo Inge Breisjøberget i Statskog til informasjonsbyrået Newswire.

Kven som får tilslaget, blir avgjort gjennom loddtrekking etter at søknadsfristen går ut 30. april. Utlysingane blir lagt ut på portalen Inatur.no.

Til saman 60.930 elgjegerar og 45.220 hjortejegerar var i sving i fjor, og mange av Statskog-jaktfelta byr på både hjort og elg. Elles var 40.270 jegerar med på rådyrjakta og 10.570 på villreinjakta i fjor.

Til toppen