INFORMASJONSMØTE: Halvparten av dei frammøtte på informasjonsmøtet om fiberutbygging på Borgund bestilte tilkopling til det nye nettet. Dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, midt i biletet. Pressefoto
INFORMASJONSMØTE: Halvparten av dei frammøtte på informasjonsmøtet om fiberutbygging på Borgund bestilte tilkopling til det nye nettet. Dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, midt i biletet. Pressefoto

Stor oppslutnad om fiberutbygging

I løpet av neste år skal alle i Lærdal ha 4G-dekning og tilgang til fiber.

Lærdal: – Utbygging av breiband er eit svært viktig element for styrking og utvikling av lokalsamfunnet. Det å få på plass eit framtidsretta breibandsnett er heilt avgjerande for å oppretthalda og auka busetnad, og for arbeidet med næringsutvikling i heile kommunen, seier dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling Arve Tokvam.

Telenor og Canal Digital vann det offentlige anbodet om breidbandsutbygging på strekninga Sjurhaugen – Maristova i Lærdal. Prosjektet er finansiert med midlar frå Nkom, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Lærdal kommune.

Skryt av fylkeskommunen

Måndag for to veker sidan vart det arrangert informasjonsmøte i Borgund Samfunnshus i samband med at Telenor saman med Lærdal kommune no startar utbygginga av eit fibernett på denne strekninga. 

Over 50 personar var til stades på informasjonsmøtet  og nesten halvparten av desse signerte kontrakt etter å ha fått presentert framdriftsplan og produktet frå Telenor og Canal Digital. 

Telenor sine utbyggingsplanar omfattar både privatkundar og bedrifter i området - utbygginga skal vera ferdigstilt innan november neste år. Tokvam i Lærdal Næringsutvikling rosar det arbeidet som Sogn og Fjordane fylkeskommune gjer i samband med dei årlege nasjonale støtteordningane for breibandsutbygging.

– Det arbeidet fylkeskommunen legg ned i dette er av svært stor verdi og nytte for kommunane.

Alle får 4G 

På møtet vart det også informert om at alle basestasjonar i Lærdal vil bli oppgradert med 4G innan utgangen av 2017.

– Vi ynskjer at flest mogleg skal få ta del i den «digitale utviklinga» i kommunen og med fri etablering har vi lagt til rette for at alle kan få eit tilbod i dette området, seier Remy Mjelstad, regional utviklingsansvarleg i Telenor.

Telenor ser på Sogn og Fjordane som eit spennande satsingsområde med vekstmoglegheiter framover.

– Vi har styrka organisasjonen med lokale ressursar og kjem til å gjera mykje spennande i regionen i tida som kjem - både på mobil, breiband og TV, seier Mjelstad. 

Til toppen