Årdal: Eit aktivt uteliv er viktig for å gi barn ein god oppvekst, og gjennom Barnas turlag får dei treffe andre barnefamiliar og gle seg over å møte andre barn.
I Årdal har det vore stor oppslutnad rundt turlaget dette året med 185 deltakarar, fortel Sandra Opheim.
– Me har vore på tur rundt omkring i Årdal og hatt det veldig kjekt. Me planlegg omtrent like mange arrangement også neste år, seier ho.

Avslutta på Buvassnosi
Dei mest populære arrangementa har vore ski- og vinterleik på Seimsåsen i februar og Fardalen i mars. Det var også mange som fekk med seg overnattinga i Avdalen i august. Alt dette er arrangement dei vil gjere igjen neste år.
– Me avslutta sesongen med tur til Buvassnosi på Tyin, 1495 meter over havet. Når ungar går tur i lag med andre ungar, blir det ofte ei god oppleving for dei. Nok mat og gode klede må dei ha, og dei klagar sjeldan på vêret.
– Eg vil takke alle som har bore med på tur, både turleiarar og deltakarar og håpar på mange fine turar også til neste år, seier Opheim.