STATSBUDSJETTET: Her får du heile oversikta over følgjene for Sogn og Fjordane og kommunane i Sogn. (Bilde: Illustrasjon)

Stor oversikt: Her er dei viktigaste punkta i statsbudsjettet

Auka løyvingar til Høgskulen på Vestlandet, 18,6 millionar til å bekjempe skrantesjuka, vidareføring av midlar til å planlegge ny plattform på Myrdal stasjon, 119,1 millionar til utbygginga på Filefjell. Her får du servert heile smørbrødlista til regjeringa.

Leikanger/Oslo: Regjeringa la i dag fram forslag til statsbudsjett for 2018. Her får du ei fyldig oversikt over forslaga som vedkjem Sogn og Fjordane, med hovudvekt på Sogn.

Punkta under er henta frå ei oversikt utarbeida av regjeringa.

Utdanning

  • Regjeringa føreslår å auke løyvingane til Høgskulen på Vestlandet (HVL) med 1,7 millionar kroner til 40 studieplassar i IKT.

Forsking

  • Regjeringa vil styrke havbruksforskninga og kunnskap om nye marine artar og føreslår å auke løyvinga med 14 millionar kroner i 2018.

Sysselsetting

  • Regjeringa føreslår å vidareføre tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk. I 2016 var om lag 430 sjøfolk i Sogn og Fjordane omfatta av tilskotsordninga.

Næring/innovasjon

  • Regjeringa føreslår å løyve totalt om lag 50 millionar kroner for å stimulere innovasjon og næringsutvikling i landbruket. Av desse vil det bli delt ut 3,8 millionar kroner i fylkesvise utgreiings- og tilretteleggingsmidlar (UT-midlar) til Sogn og Fjordane fylke.
  • Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2018 å sette av 4,3 milliarder kroner meir til næringsretta forsking og innovasjon enn i 2013, inkludert berekna skattefradrag for skattefunnordninga og kapitalfunn. Kapitalfunn er ei ny skatteinsentivordning for investeringar i oppstartsselskap som vart vedteke i revidert nasjonalbudsjett for 2017. Ordningane er landsdekkande og bedrifter i Sogn og Fjordane kan søke om pengane. Meir forsking og utvikling i næringslivet gir nye produkt og tenester, som igjen gir ny verdiskaping og vekst.

Klima

  • I 2016 blei det oppretta ei tilskotsordning for kommunale klimatiltak "Klimasats" i Miljødirektoratet. I 2017 vart det delt ut 150 millionar kroner. Alle fylke har fått midlar til ulike prosjekt. Regjeringa føreslår å vidareføre ordninga med ei løyving på nærare 107 millionar kroner i 2018.

Miljø

  • Regjeringa føreslår å løyve 18,6 millionar kroner til å dekke ekstraordinære utgifter i 2018 for å bekjempe den dødelege skrantesjuka som har blitt oppdaga hos villrein i Nordfjella. Innan 1. mai 2018 skal alle dyra i Nordfjella villreinområde, sone 1, bli avliva. Deretter skal ein førebu etablering av ein ny villreinstamme i området.

Vatn/flaum

  • Regjeringa føreslår å løyve 975 millionar kroner til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). NVE har hovudkontor i Oslo og regionskontor i mellom anna Førde.
  • Regjeringa føreslår å løyve 254 millionar kroner til førebygging av flaum- og skredskadar, mellom anna om lag 203 millionar kroner til å gjennomføre kartleggings- og sikringstiltak. Ei førebels oversikt viser at kartleggings- og sikringstiltak i Sogn og Fjordane vil bli prioritert i 2018, mellom anna skredsikring av Stadheimselvi i Vik kommune.

Veg

Regjeringa føreslår å løyve 35,9 milliarder kroner til vegføremål i 2018. For Sogn utgjer dette:

  • Skredsikring på Rv 13 Vik–Vangsnes, Vik kommune
    Strekninga mellom Vik og Vangsnes er særs utsatt for skred. Det er lagt opp til anleggsstart i februar 2018, mot hausten 2017 som tidlegare venta. Prosjektet er venta å bli opna for trafikk i 2020, mot 2021 som tidlegare venta. Regjeringa føreslår 118 millionar kroner i 2018.
  • Rv 55 Fardal–Ylvisåker, Sogndal kommune
    Bygginga av gang- og sykkelveg på strekninga Fardal–Ylvisåker på rv 55 blir fullført.
  • Rv 13/rv 55 ferjekaier
    Det blir sett av midlar til å utbedre ferjekaier for å legge til rette for nye ferjer på sambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes på rv 13/rv 55 (Leikanger, Balestrand og Vik kommuner).
  • E16 Sandvika – Bergen med tilknytninger
    - På rv 5 blir det sett av statlege midlar til å fullføre utbygginga av rv 5 Loftesnesbru i Sogndal kommune. Anleggsarbeidet starta i desember 2015. Den nye brua er venta å bli opna for trafikk i november 2017, mot sommaren 2018 som tidlegare var venta. Midlane i 2018 vil i hovedsak bli nytta til å rive den eksisterandee brua, samt til å bygge gang- og sykkelfelt på den nye brua.
    - Det blir sett av midlar til å utbetre Mannheller ferjekai på rv 5 i Sogndal kommune.
    - Det blir sett av fornyingsmidlar til å utbetre Gudvanga-, Flenja-, Fretheim- og Onstadtunnelane i Aurland kommune på E16 i Sogn og Fjordane.
  • E16 over Filefjell, Lærdal kommune
    For å sikre rasjonell framdrift i bygginga av igangsette delstrekningar føreslår regjeringa å løyve 119,1 millionar kroner. Utbyggingen av E16 over Filefjell omfattar strekninga mellom Øye i Vang kommune i Oppland og Borlaug i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Regjeringa prioriterer midlar til å vidareføre utbygginga av delstrekninga Øye-Eidsbru i Oppland. I tillegg er det sett av midlar til restarbeid på prosjektet Varpe bru-Otrøosen-Smedalsosen i Oppland og Sogn og Fjordane.
  • TT-ordninga - tilrettelagt transport for funksjonshemmede
    Sogn og Fjordane er omfatta av den statlege, utvida TT-ordninga som gir brukarar med særskilde behov, fortrinnsvis rullestolbrukarar og blinde/svaksynte, rett til 200 enkeltreiser i året. I budsjettet for 2018 føreslår regjeringa å løyve 90,4 millionar kroner til ordninga, som no omfattar syv fylke. Midlane blir fordelte etter søknad fra fylkeskommunane. 

Jernbane

  • Myrdal stasjon på Bergensbanen og Flåmsbana, Aurland kommune
    Planlegginga av ny plattform og overgang frå Rallarvegen på Myrdal stasjon på Bergensbanen og Flåmsbana blir vidareført. Tiltaket er naudsynt for å betre tryggleiken og reiseopplevinga for passasjerane, i tillegg vil det gi auka kapasitet. I 2018 skal byggeplanen bli gjort ferdig.

Vedlikehald og fornying av eksisterande jernbanenett
For å legge til rette for ein sikker og driftsstabil togtrafikk, føreslår regjeringa å løyve nær 5,2 milliardar kroner til vedlikehald av dagens jernbaneinfrastruktur, inkludert 2,1 milliardar kroner til fornyingstiltak og 925 millionar kroner til vidareføring av arbeidet med det nye signal- og sikringssystemet ERTMS. Midlane til vedlikehold er ikkje geografisk fordelt eller spesifisert på anna måte i budsjettforslaget. Bane NOR vurderer fortløpande prioriteringa av vedlikehald i Sogn og Fjordane med utgangspunkt i måla for driftsstabilitet, tilstanden til infrastrukturen, togtrafikken, samt kortsiktige og langsiktige behov. 

Luftfart 

  • Kjøp av innenlandske flyruter
    Regjeringa føreslår å løyve om lag 1 milliardar kroner til luftfartsføremål i 2018, derav 725,7 millionar kroner til kjøp av innanlandske flyruter. Samferdselsdepartementet inngjekk i 2015 nye kontraktar for ruteflyging på følgande ruter i Sogn og Fjordane for perioden 1. april 2016 – 31. mars 2020:
    - Førde – Oslo v.v. og Førde – Bergen v.v.
    - Sogndal – Oslo v.v. og Sogndal – Bergen v.v.
    - Sandane – Oslo v.v. og Sandane – Bergen v.v. 

Elektronisk kommunikasjon 

  • Tilskot til breibandsutbygging
    Regjeringa føreslår å løyve 69,7 millionar kroner til tilskot til breibandsutbygging i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging. Kommunar og fylkeskommunar kan søke om midlar. Nasjonal kommunikasjonsmynde vil i samarbeid med fylkeskommunane tildele midlar til dei enkelte prosjekta.
  • Tilskudd til telesikkerhet og beredskap
    Regjeringa føreslår å løyve 183 millionar kroner i tilskot til teletryggleik og -beredskap i ei tid der trygg og robust elektronisk kommunikasjon blir stadig viktigare for folk flest, næringsliv og samfunnskritiske funksjonar i alle sektorar.

Post 

  • Lørdagsomdeling av aviser
    Regjeringa føreslår 96,7 millionar kroner til lørdagsomdeling av aviser i distriktsområde utan avisbodnett.
  • Statleg kjøp av post- og banktenester
    Regjeringa føreslår 165 millionar kroner til statleg kjøp som skal sikre postomdeling til dei mest kostnadskrevande husstandane i distriktsområda, grunnleggande banktenester i landspostnettet og gratis framsending av blindeskriftsendingar.
Til toppen