Sogn: – Det er varsla intenst snøfall og kraftig vind natt til fredag i fjellet. Utover fredagen går det over til regn, og det vil gi stor snøskredfare, seier snøskredvarslar Karsten Müller i NVE til NTB.
Han seier at det også kan bli flaum- og jordrasfare.
– Folk må følgje med på varsom.no, understrekar han.
Müller meiner snøskredfaren vil bli gradvis lågare frå laurdag.
– Det vil framleis vere betydeleg snøskredfare laurdag, men vi ventar deretter ei gradvis stabilisering utover laurdag, seier han. (©NPK)