ENDRINGAR: Leiaren i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun, trur den nye fotballstrukturen vil svekke fotballaga i utkant-Norge. Foto: Arkiv
ENDRINGAR: Leiaren i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun, trur den nye fotballstrukturen vil svekke fotballaga i utkant-Norge. Foto: Arkiv

Stor spenning i Årdal om nytt divisjonssystem

Leiaren i Årdal FK meiner at dei nye endringane er med på å sentralisera fotballen og spår at det no vert vanskelegare for utkantlaga å heva seg i norsk fotball.

Det kan sjå ut som det skjer ei sentralisering i fotball-Norge, men det ville aldri Fotballforbundet ha innrømma, forklarar Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal FK.

- I realiteta så er dette nettopp eit sentraliseringstiltak, seier Øvstetun til Porten.no.

Les også: Forslag om store endringar i 2.- og 3. divisjon

Tidlegare har Porten.no skrive forslaget om endringar i seriestrukturen i norsk fotball. Endringane som no ligg på bordet, går ut på å redusera talet på avdelingar frå fire til to i 2. divisjon, medan 3. divisjon går frå tolv til seks avdelingar. Avgjersla blir teken på fotballringet siste helga i februar.  

Store endringar for fotballen i Sogn og Fjordane

Årdal FK har ikkje økonomiske resursar til å vere ein 2. divisjonsklubb.

- Vi måtte hatt eit heilt anna økonomisk grunnlag om vi skulle ha hatt ein sjanse i 2. divisjonen. I dag har vi ikkje råd til å kjøpe fri spelarar frå vanleg jobb til å trene meir, seier Øvestun. 

Han meiner at det no blir stadig blir vanskelegare for utkantlaga å heve seg i norsk fotball.

- I verse fall kan Florø og Førde få store vanskar med å halde seg i 2. divisjon. Der skal talet på lag halverast. Endringane vil få store konsekvensar for fotballen i Sogn og Fjordane, seier han.

Øvestetun forklarar at laget har vore førebudd i lang tid på fleire endringar i divisjonssystemet.

- Det kom eit framlegg allereie i fjor frå Fotballforbundet om ein ny organisering av toppfotballen i Norge. Det inneheldt blant anna endringar i sluttspel og mykje anna, men ein del har dei gått vekk i frå, seier han. 

 

Mindre veg å reise

 

For Årdal sin del, som no ligg i 3. divisjon, vil det seie at berre dei fire beste laga er sikra å bli med vidare, medan resten må eitt hakk ned.

- Det er litt spenning om kva som kjem til å skje. Det vert i så fall ein regional fjerdedivisjon som inkludera Sogn og Fjordane og Hordaland, seier Øvestetun.

Han trur ikkje endringane kjem til å ha dei store innverknadane på fotballen.

- No har vi spelt over heile Norge, alt frå Oslo, Oppland, Møre og Akershus. Det er kortare veg å reise til Bergen. Så lenge dei ikkje jobbar på tunnelane eller om det går ras, seier Øvstetun.

Mange har investert mykje

Den nye strukturen kjem ikkje til å påverke Tippeligaen eller fyrstedivisjon.

- Det er snakk om ganske store endringar i midt-fotballen i Norge. Grunnen til at dei ønskjer endringar er for å spisse det meir i toppfotballen. Totalt vert det ferre lag i toppen, sidan talet på 2. divisjonslag vert redusert, seier Øvstetun.

Endringane i den føreslåtte divisjonspyramiden vil gå frå endre frå 1-1-4-12 til 1-1-2-6-18. Det betyr éi avdeling i eliteserien og 1. divisjon, to avdelingar i 2. divisjon, seks avdelingar i 3. divisjon og 18 avdelingar i 4. divisjon.

- Om ein ikkje blir blant dei fem beste, rykkjer ein ned uansett.  Det er enkelte lag som no prøver å få med seg andre lag til å utsetje endringane eit år. Grunnen til det er at dei har investert mykje pengar på å rykkja opp. Realiteten er at ingen kjem til å rykkje opp frå tredjedivisjon. Ei ny løysing kjem til å komma. Spørsmålet er om den kjem i årets sesong, eller i 2017, seier Øvstetun.

Til toppen