HEILT MED: Ragnar Sanden (f.v.), Steinar Kvigne og Kristen Olav Grøttebø sine tonar fall i smak hjå denne sjørøvaren. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
HEILT MED: Ragnar Sanden (f.v.), Steinar Kvigne og Kristen Olav Grøttebø sine tonar fall i smak hjå denne sjørøvaren. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

Stor stas med sjørøvarfest på Doktorheimen

​Konsert, grilling og aktivitetar stod på menyen laurdag då det blei invitert til fest med sjørøvar som tema på Doktorheimen.

Lærdal: – At likesinna får koma saman slik er heilt topp; då får dei vera seg sjølve, seier Marit Steinheim.

QUIZLØYPE: Malene Grønsberg og Kari Johnsen testar aktivitetane under sjørøvarfesten. 
QUIZLØYPE: Malene Grønsberg og Kari Johnsen testar aktivitetane under sjørøvarfesten. 

Tre trubadurar i form av Kristen Olav Grøttebø, Ragnar Sanden og Steinar Kvigne spelte opp med eit knippe kjende og kjære låtar, pølsene frå grillen gjekk unna og medan nokre tykte det var greitt å sitja ved bordet å mala, prata og ta livet med ro, gjekk andre rundt på aktivitetar som quizløype og kubb.

– Me byrja å planleggja i desember og sende ut ein førespurnad i både Årdal, Lærdal og Aurland. Responsen var at dette var kjærkome, så i april inviterte me inn, seier Trude Klingenberg, miljøterapeut for dagtilbodet for personar med nedsett funksjonshemming i Lærdal.

Håpar å få til fleire liknande opplegg

Laurdag gjekk festen av stabelen, og om lag tjue hygga seg i brukbart vêr – om enn vel kjøleg til midt i mai å vera.

– Me tenkte at dette skulle vera veldig uformelt, det viktige er at dei får møtast og at dei har nokre dagar å sjå fram til, seier Klingenberg.

– Det er noko me har lyst til at skal halda fram, for dei pårørande etterlyser slike aktivitetstilbod, legg koordinator for funksjonshemma i Lærdal, Sissel Simonsen til.

Dei håpar å få til ei liknande samling att på haustparten.

– Dette er ei opning; opplegg seinare kan vera at me går ein tur i lag, held idrettsdag eller liknande, fortel Klingenberg.

Artikkelen held fram under biletet

EIN START: Trude Klingenberg og Sissel Simsonsen håpar dei skal få til fleire liknande opplegg framover, her saman med Linus, Johanne og Håkon. – Me er veldig glade for at Norsk Forbund for Utviklingshemmede avdeling Lærdal sponsa maten, seier Klingenberg.

– Du ser korleis dei kosar seg

Marit Steinheim håpar det blir fleire slike opplegg.

– Det er flott at dei finn på noko; for desse er det for lite som skjer, så all ære til dei som har laga til arrangementet. Så er Doktorheimen ein fin plass; det er litt skjerma, og dei er seg sjølve når dei er her.

KOSA SEG: Berit Mikalsen (f.v.), Inger Karlsen, Gunn Helene Buhaug, Gudrun Slinde, Marit og Jan Asle Steinheim kosar seg på sjørøvarfesten. 
KOSA SEG: Berit Mikalsen (f.v.), Inger Karlsen, Gunn Helene Buhaug, Gudrun Slinde, Marit og Jan Asle Steinheim kosar seg på sjørøvarfesten. 

– Ja, du ser korleis dei kosar seg, legg Gunn Helene Buhaug til.

Kosar seg gjer også Trude Klingenberg.

– Sjørøvarfest som tema fengjer alle, så får ein lov til å kle seg ut.

– Ja, du har i alle fall teke den på alvor, seier Simonsen.

– Det er jo draumen min, dette, ler Klingenberg

Til toppen